Forsiden
07.10.2025 16:07
Kunstig intelligens bommar i nesten halvparten av tilfella når han svarer på spørsmål om nyheiter. Det viser ein rapport utført av 22 europeiske allmennkringkastarar. Europeiske kringkastingsunionen (EBU) har undersøkt fire KI-tenester (ChatGPT, Copilot, Gemini og Perplexity) og korleis dei svarer om nyheiter. Testen vart gjord i 18 land på 14 ulike språk og viser at i 45 prosent av tilfella inneheldt svaret til KI-tenestene noko vesentleg feil.KI genererer dessutan stadig meir av innhaldet som blir publisert på nettet. Ifølgje ein rapport frå søkjeoptimaliseringselskapet Graphite er fleirtalet av artiklane på nett no produsert av kunstig intelligens. Dette gjeld både nyheitsartiklar og anna innhald.NPK-NTB
Kystverket jobbar no vidare med anbodskonkurransen for Stad skipstunnel etter at regjeringa vart overkøyrd i Stortinget. – Vi går no i forhandlingar med dei tre tilbydarane. Vi har bede om eit revidert første tilbod i slutten november, før det etter planen blir forhandlingar og levering av oppdaterte tilbod i januar og februar, seier kystdirektør Einar Vik Arset. Kystverket opplyser at Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har bede dei om å ta opp att og gjennomføre anbodsprosessen for skipstunnelen. Eigentleg varsla regjeringa i statsbudsjettet at dei ville stanse arbeidet og skrote planane, men stortingsfleirtalet ville det annleis. Etter trontaledebatten instruerte Stortinget regjeringa til å halde fram arbeidet. No satsar Kystverket på at saka kan leggjast fram for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai neste år.
Det finst minst 902 ulike slanguttrykk for det å vere full i det danske språket, viser ei ny undersøking. «Stangbacardi», «ristet», «stangstiv», «stegt» og «bankelam» er berre nokre av dei mange orda som finst i Danmark for den same tilstanden – å vere full. Det viser ei undersøking gjort av Dansk Sprognævn i samarbeid med redaktøren av Slangordbogen, Torben Christiansen, skriv Politiken. – Dei 902 uttrykka vi har funne, spenner frå hundre år gamle uttrykk som «besoffen» og «bedugget», til heilt nye som «bankelam» og «blæst». Og dei dekkjer heile spekteret frå «snalret» til «stangstiv», seier Christiansen til Politiken.
Nordmenn drikk mindre vin og sprit frå USA. Så langt i år har salet gått ned med 15 prosent. I Sverige er Systembolaget tydeleg på at eit grasrotopprør er årsak til at salet av dei amerikanske produkta deira har gått ned 17 prosent. Tal frå Vinmonopolet viser at også nordmenn drikk mindre vin og sprit frå USA. Fram til september i år har salet av alkohol frå USA gått ned med 15 prosent, skriv Klassekampen. – Me kan stadfesta at salet av vin og brennevin frå USA går ned. Men me opplever det ikkje som nokon boikott, seier samfunnskontakt Halvor Bing Lorentzen ved Vinmonopolet AS.
Salet av alkohol har generelt gått ned 2,5 prosent.
Talet på personar som har brukt mobiltelefonen til å betale i fysisk butikk har auka til 50 prosent, viser ei undersøking utført av betalingsleverandøren Nets. Åtte av ti unge mellom 18 og 39 år bruker mobiltelefonen til å betale i fysiske butikkar. Litt under halvparten av alle i alderen mellom 40 og 59 har brukt mobilen, medan ein av fire over 60 år har gjort det. – Vi trur at fleire eldre vil bruke mobilen som betalingsløysing etter kvart som marknadsføringa når dei, og at dei får hjelp til å setje i gang med mobilbetaling, seier leiar av nordisk e-handel Nets Johanna Tell. – Vi trur at dette berre er starten på store endringar for betalingsløysingar, seier Tell.
Gullprisen skaut i vêret til over 4.000 dollar per unse onsdag, eit historisk rekordnivå drive av investorar som søkjer tryggleik i ei tid med aukande økonomisk og geopolitisk uvisse. Forventningar om fleire rentereduksjonar frå den amerikanske sentralbanken (Fed) har også bidrege til oppgangen. I tidleg handel i Asia onsdag stod gull i 3.997,09 dollar per unse (31,1 gram), etter å ha nådd ein ny topp på 4.000,96 dollar. Terminprisen for desemberlevering i USA steig til 4.020 dollar per unse. Det svarer nesten til 1,3 millionar kroner per kilo gull.
Legemiddelet Kisunla frå Eli Lilly, som har ein viss bremsande effekt på alzheimer, har fått grønt lys frå EU-kommisjonen. Den formelle godkjenninga kjem etter at EUs legemiddelbyrå EMA gav si velsigning i juli. Dermed kan selskapet no begynne å selje medikamentet på den europeiske marknaden. Kisunla er det andre medikamentet i sitt slag som er godkjent i EU. Det inneheld eit antistoff som delvis kan bremse utviklinga for pasientar som er i eit tidleg stadium av sjukdommen. Det er godkjent for behandling av pasientar med mild kognitiv svikt eller lett demens som følge av Alzheimers sjukdom og som ikkje har dobbelt av risikogenet ApoE4. Frå før er Leqembi frå Bioarctic godkjent til bruk mot alzheimer. (©NPK)