Forsiden
12.05.2025 12:42
Korte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i mai 2025.
Ein privat samlar frå USA fekk tilslaget då den blå diamanten Mediterranean Blue gjekk under hammaren for 17,9 millionar sveitserfranc i Genève. Sotheby’s stod for auksjonen av diamanten, som blir beskriven som «eksepsjonelt sjeldan» og som enda med ein pris som svarer til litt over 220 millionar kroner med dagens kurs. Den blå diamanten kjem frå den velkjende diamantgruva Cullinan i Sør-Afrika. Gruva har også gitt namn til Cullinan-diamanten, den største rådiamanten i verda. Dei største bitane av den diamanten har fått plass i dei britiske kronjuvelane.
Bankane i Noreg tente 20,8 milliardar kroner i første kvartal, 1,4 milliardar meir enn i same periode i fjor. Halvparten av auken er renteinntekter. Dei netto renteinntektene til bankane enda på 34,4 milliardar kroner, 745 millionar meir enn i fjor, ifølgje SSB. Renteoverskotet enda på 34,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,2 prosent og kjem sjølv om inntektene fall med 4,2 milliardar frå første kvartal i fjor. Inntektene var på 100,1 milliardar kroner, medan kostnadene var på 65,6 milliardar. Det er ein reduksjon i kostnadene på 4,9 milliardar som gjer at nettoresultatet har auka trass i dei lågare inntektene.
Fleire insektprodusentar i Europa gir opp å lage mat til menneske. No vender dei seg heller til dyrefôrmarknaden. Fleire selskap som satsa på insekt som menneskeføde har ikkje hatt den økonomiske suksessen dei ønskte, skriv Nationen. Ifølgje Christophe Derrien, generalsekretær i IPIFF, organisasjonen som representerer insektindustrien i Europa, er merksemda hos dei fleste produsentane av insekt no retta mot produksjon av mat til fisk, fjørfe, svin og andre dyr.
Nasjonalt var det i første kvartal i år 8280 færre sekundærbustader enn fem og eit år tidlegare, ein nedgang på 2,2 prosent, viser tal frå Norges Eiendomsmeglerforbund (Nef). I Oslo var nedgangen på heile 10.291 bustader i same periode, eller 17,3 prosent. Det er det lågaste talet og den lågaste andelen sekundærbustader forbundet har registrert i Oslo, altså sidan 2013. Nef-direktør Carl O. Geving peikar på høge renter, høgt skattetrykk og låg tilgang på små og rimelege bustader som forklaring på den negative leigebustadtrenden.
Kvart år deler styret i Nynorsk kultursentrum ut prisen «Årets nynorskbrukar» til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. For 2025 går prisen til bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS, for bruk av nynorsk i programvarer som har blitt ein vesentleg del av den norske infrastrukturen.
Med handleposen full av vin og sprit går norske kundar stornøgde ut av Vinmonopolet. Selskapet går nemleg til topps i Norsk kundebarometer 2025. – Vinmonopolet har lege i toppsjiktet av Norsk kundebarometer i ei årrekke og vinn årets kundetilfredsheitspris med ein skår på 87,4 poeng, det høgaste som er målt nokosinne, seier prosjektleiar Pål R. Silseth i Norsk kundebarometer (NKB). Det er tredje gong Vinmonopolet tronar øvst i undersøkinga, som i over 30 år har målt kundetilfredsheit og lojalitet blant norske forbrukarar. Til saman er 157 verksemder frå 35 bransjar vurderte av 4708 forbrukarar. Bak Vinmonopolet følgjer Vipps, Flytoget, Interoptik og OneCall. Vipps er inkludert i undersøkinga for første gong. Heilt nedst finn ein Telia og Bunnpris, som skårar høvesvis 59,2 og 58,5 poeng.