Forsiden
04.06.2025 10:39
Korte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i juni 2025.
Vårsesongen vart ekstremt varm i store delar av Sør-Noreg. For landet samla sett enda våren 1,6 grader over normalen og var den nest varmaste sida 1901. Dei to regionane Austlandet og Agder – og dessutan ti fylke (etter gammal inndeling) sette nye varmerekordar for våren, ifølgje ein ny rapport frå Meteorologisk institutt. Austlandet enda 2,6 grader over normalen, men Agder var 2,4 grader over. Begge slo dei tidlegare rekordane sine, som vart sette i fjor. Normalen er gjennomsnittstemperaturen i perioden 1991- 2020.
Mobilbetalingar i butikk tek av, skriv Noregs Bank i ein ny rapport. 30 prosent av alle betalingar i norske butikkar skjer no med mobiltelefon. Allereie for over ti år sidan vart det mogleg å betale med mobiltelefonen i butikkar i Noreg. Men det er først frå 2025 at mobilbetalingar i butikk ser ut til å ta av for alvor, skriv Noregs Bank i den nye rapporten sin om Finansiell infrastruktur. Tal frå Noregs Banks årlege spørjeundersøking viser at 30 prosent av betalingane skjer med mobiltelefon våren 2025. Opp frå 20 prosent i fjor.