Forsiden

Med få ord 04 2025

Korte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i april 2025.

Gullprisen steig til nye høgder

Prisen på gull held fram med å stiga. Tysdag passerte gullprisen for første gong 3500 dollar per unse. Den kraftige stigninga kjem etter at USAs president Donald Trump la fram nye tollsatsar og dei verbale angrepa hans mot sentralbanken i landet. Gull blir ofte rekna som ein trygg stad å plassera pengar når økonomien elles er uroleg. Gullet nådde tysdag ein pris på 3500,10 dollar per unse, før det trekte seg tilbake til 3467,87 dollar. Ei unse svarer til 31,1 gram og er den internasjonale måleininga for gull.

Jon Fosse om paven: – Ei røyst alle lyttar 

Nobelprisvinnar Jon Fosse kallar pave Frans, som døydde måndag, ei røyst som alle lyttar til, katolikkar eller ei. – Det er ein svært klok, fredeleg og kjærleg røyst som no har stilna, seier Fosse til Vårt Land. Forfattaren er sjølv katolikk, og fekk eit personleg gratulasjonsbrev av pave Frans etter at han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023, noko Fosse kallar stort og rørande. Fosse hyllar òg openheita til paven mot til dømes homofile. – Kyrkja er for alle, som han sa det. Eg hugsar elles godt svaret hans då han vart spurd om kva han meinte om prestar med homofil legning: Kven er eg til å dømma, sa han.

Fleire statlege verksemder har brote husleigereglar

Feil er gjort, og det er uklart kva statlege verksemder har lov til når det gjeld husleigeavtalar, meiner Riksrevisjonen. Det har utvikla seg ei gråsone. I ein ny rapport slår Riksrevisjonen fast at fleire statlege verksemder har inngått avtalar om leige av lokale som ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk. Riksrevisjonen landar i si overordna vurdering på «kritikkverdig», som er det nest strengaste kritikknivået. – NSM-saka er i ei særstilling, men undersøkinga viser at mange statlege verksemder gjer feil når dei inngår husleigeavtalar. Over tid har det utvikla seg ei gråsone. Regelverket er utydeleg, og oppfølginga frå departementa for dårleg, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Naturskadar for over 38 milliardar kroner 

2023 vart det dyraste skadeåret nokon gong i Noreg. 38 milliardar er betalte ut i skadeerstatning dei siste ti åra. Overvasskadar er skadane som gjerne blir minst omtalte, men som kostar mest. Dei oppstår typisk når store nedbørsmengder ikkje blir absorberte eller leidde bort, og i staden renn inn i bygningar og kjellarar i tettbygde område, ifølgje Finans Norge. Overvatn etter kraftig nedbør står for nesten halvparten av erstatningane, viser Finans Norges nye klimarapport. Dei siste ti åra har forsikringsselskapa erstatta vêr- og naturskadar for 38,3 milliardar kroner på bygningar og innbu i Noreg. I tillegg kjem andre kostnader for samfunnet, som skadar på veg, infrastruktur, statlege bygg og meir.