Forsiden
12.07.2025 08:07
Korte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i juli 2025.
15 fleire donorar har gitt organ i år, enn i same periode i fjor. – Solide tal, skriv Stiftelsen Organdonasjon i ei pressemelding. 65 donorar har gitt organ til 189 pasientar på venteliste, det første halvåret av 2025. Det viser nye tal frå Oslo universitetssjukehus. I fjor var talet 50 donorar, og dei hadde hjelpt 154 pasientar, dei første seks månadene av året. Til saman 224 personar fekk eitt eller fleire livreddande organ det første halvåret av 2025.
Norsk Tipping braut lova då tusenvis fekk varsel om for høge premiar, melder Lotteritilsynet. Dei varslar full gjennomgang av Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto. Lotteritilsynet konkluderer med at feilen er eit brot på pengespellova. Det var 47.000 norske vinnarar, og rundt 30.000 av dei fekk SMS eller pushvarsel om feil gevinst. Årsaka var ein feil i koden som rekna om til norske kroner.
Ein bubil med to personar i køyrde av vegen og trefte ei hytte i Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal fredag kveld. Ifølgje politiet var det to personar i bilen da ulukka skjedde, som ifølgje politiet på staden er "vakne og oppegåande". Samstundes ein annan stad, i Myrdal spora eit godstog av Bergensbana mellom Ål og Voss. To–tre godsvogner med konteinarar har spora av, og førte til at togtrafikken mellom Bergen og Oslo stogga heilt opp.
Over fem millionar reisande nytta Avinors flyplassar i juni i år. Det er 5 prosent meir enn same månad i fjor. Det er innanlandstrafikken som aukar mest, med heile 6 prosent. Utanlandstrafikken auka med 3 prosent. Tala for innanlands- og utanlandstrafikk var høvesvis 2,8 millionar og 2,2 millionar passasjerar. Det var 55.000 såkalla kommersielle flyrørsler i juni i år. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med juni i fjor. Oslo og Trondheim lufthamner hadde ein auke på 3 prosent frå juni i fjor til same månad i år. Bergen lufthamn hadde ein oppgang på 1 prosent, medan Stavanger lufthamn ikkje hadde noka stor endring.