Forsiden

/ arbeid / Mjød: "Det er sært og dyrt, og folk veit ikkje kva dei skal bruka det til."

/ arbeid / Mjød: "Det er sært og dyrt, og folk veit ikkje kva dei skal bruka det til."

Lars Marius Garshol har skrive fleire bøker om mjød, og bryggar sjølv. Foto: Privat /NPK

Flytande kulturarv på frammarsj: Mjød har vorte meir populært i Noreg dei siste ti åra.

Mjød. Når dei fleste høyrer ordet, tenkjer dei på vikingar med drikkehorn i røykfylte hallar som drikk kvarandre i senk. Kanskje er det slåsting involvert, og ein del blod.

Ein skulle tru at dette var eit unnagjord kapittel i norsk kulinarisk historie, men den gong ei. Mjød er på veg attende til det norske matbordet, og takka vera ei lita gruppe eldsjeler, veks salet jamt og trutt.

– Det er tilfredsstillande å vita at me driv med ein flik av norsk kulturarv, seier styreleiar i Mjøderiet Stian Krog.

Søte dropar

Men først av alt: kva er eigentleg mjød?

– Heilt enkelt er det honning og vatn som gjærar. I øl er det korn som er nytta, i cider er det fruktsaft, so det er honningen som gjer at mjød skil seg ut.

Lars Marius Garshol har forska mykje på mjød, og skrive fleire bøker om det. At han er laga av honning, tyder likevel ikkje at mjøden må vera søt. Det kjem heilt an på kor mykje av sukkeret i honningen ein lét verta til alkohol, og når ein stoppar gjæringsprosessen.

– Er dette den same drikken vikingane drakk, då?

– Me har eksakt null informasjon om korleis dei brygga mjød i vikingtida. I dag stoppar me gjæringsprosessen under vegs, men det må ha vore vanskeleg då, so me kan gjetta at det var sterkare.

I dag er det ogso vanleg med ulike tilsetjingar, som frukt, for å gje nye smakar til mjøden. Det var mest truleg ikkje vanleg i vikingtida. Det som derimot har endra seg lite, er at det ikkje er ein billig drikk.

– Det var nok ein drikk for eliten. Til øl treng du korn, og det dyrka alle, det var til og med påbod om ølbrygging i Gulatingslova. Det var det lite prestisje i. Då var det mjød og vin ein serverte for å skilja seg ut.

Starta med spott

Trass i prisen veks marknaden år for år. Ifølgje statistikken til Vinmonopolet har salsvolumet meir enn dobla seg dei siste ti åra. I 2015 selde Vinmonopolet rett under 10.000 liter mjød i året.

I 2024 hadde det talet klatra til over 24.000 liter. Det har truleg samanheng med at Noreg i 2016 fekk sitt første kommersielle mjøderi, truleg på mange hundre år.

Det året opna Stian Krog Mjøderiet i Arna utanfor Bergen saman med nokre vener. Han hadde drive med heimebrygging sidan 2012, og han hadde lenge vore merksam på drikken. Etter kvart kom ideen til eit eige bryggeri, og då fekk han ein dytt frå uventa hald.

– Eg var i USA på drikkefestivalar, og då erta amerikanarane meg for at me ikkje hadde eit einaste mjøderi i Noreg. Det er jo vikinglandet, ler han.

Stian Krog er styreleiar i Mjøderiet, her på mjødkonkurranse i Europa. Foto: Mjøderiet /NPK

Borte i lang tid

Mon det. Det ser knapt nok ut til å ha vorte produsert mjød i landet sidan vikingtida, utan at nokon er heilt sikre på kvifor. Ein viktig årsak til det, er at birøkt først kom til Noreg seint på 1500-talet, og ikkje tok ordentleg av før mot slutten av 1800-talet. Det er særs usikkert om det var noko slags bihald i Noreg i eldre tider.

– Kvifor trur du mjøden forsvann frå Noreg?

– Det er eit godt spørsmål, seier mjødhistorikar Lars Marius Garshol, og tenkjer seg litt om.

– Det eine er den vesle istida i mellomalderen, som gjorde biehald i Europa vanskelegare. Det andre er svartedauden.

Under pesten i Noreg, som kom hit med eit skip til Bjørgvin i 1349, døydde store delar av adelen ut, og kom seg eigentleg aldri til hektene att. Til og med det meste av presteskapet døydde ut. Då var det særs få att som hadde råd til den dyre og sjeldne drikken.

Inn i utelivet

Attende i notida har nokre få utestader ogso starta å servera mjød, anten frå flaske eller, som Piers Laverick, på tapp.

Laverick er eigentleg frå York i England, men har arbeidd i norsk uteliv i over ti år. Han har drive bar i Bergen og Stavanger, og er no sjef på RØØR i Oslo. Han er ein av særs få som serverer mjød på tapp.

– So vidt eg veit er det berre oss og På Kornet i Stavanger, seier han, medan han ser over ei lang liste med nye drikkevarer til puben.

På spørsmål om kvifor han har vald å servera den litt sære drikken i baren sin, flirer Piers.

– Me kjøper rare ting for å underhalda oss sjølve. Me treng ikkje 60 IPA på tapp.

 

Piers Laverick førebur seg på nok ein dag som sjef på ein av to barar i Noreg som serverer mjød på tapp. Foto: Emil Askvik Hosøy /NPK

Barmannen fortel at mjøden er særskild populær blant turistar. Han hugsar spesielt godt då det amerikanske hangarskipet USS «Harry S. Truman» vitja Oslofjorden i fjor haust.

– Medan dei vanlege sjøfolka sprang i land og kjøpte so mykje billig øl dei klarte, fekk me offiserane inn hit. Dei ville heller prøva noko nytt og annleis.

Når det gjeld det norske publikumet, har Piers ogso merka ei utvikling dei siste åra.

– Det er mykje interesse, og folk vil gjerne læra meir om det dei drikk. Eg trur mango IPA opna auga til folk for skikkeleg øl, til dømes, seier han og rynkar nasen. Han er ikkje glad i mango IPA.

– Det er dessutan mange kvinner som prøver meir øl og mjød enn før, legg han til.

Å etablera ei nisje

Auken til trass, er salet av mjød langt unna volumet av til dømes brennevin. I den kategorien går det med kring 12 millionar liter kvart år i Noreg, men skal me tru Krog, er det ikkje målet å nå opp dit. Han samanliknar det heller med meir spesialiserte drikkevarer, som likør.

– Tingen er at om du ikkje gir deg, kan du etablera deg i ei nisje, seier han.

Det kan vera han er inne på noko der. Sake, japansk risvin, har definitivt skapt seg ei nisje på Vinmonopolet, og sel i om lag same kvanta som mjød.

Sjølv om langt frå alle er kjende med drikka enno, har Krog merka ei klår endring sidan han starta i bransjen.

– Eg hugsar når me var på festivalar i starten og kom i kontakt med folk. Me fekk mange rare spørsmål. Ein fyr var overtydd om at det ikkje var ekte mjød utan at det inneheldt okseblod. Det ikkje so vanleg at folk er so blanke lenger.

– Kva ønsker du deg når det gjeld mjød i tida som kjem?

– Mjød er stein på stein. Me var optimistiske og naive i starten, og tenkte at det ville verta ein superhit, men det skjedde ikkje. Det er sært og dyrt, og folk veit ikkje kva dei skal bruka det til. Eg vil oppmoda folk til å prøva mjød. Utforsk litt. Det har lange tradisjonar i landet, sjølv om det har lege brakk i mange år.

(©NPK)