Forsiden
14.08.2025 11:06
Didrick Ose satsar alt på den gamle låven:– Du må like å jobba for lite pengar!
På Årønes gard har folk alltid måtte jobbe og sveitte før dei fekk mat. No gjeld regelen også for betalande gjester.
– Du får kjensler for ein stad som denne, og eg har vel eit sentimentalt hjarte. Det var ikkje noko anna alternativ enn å bevare så mykje av det gamle som mogleg.
Didrick Ose langar ut over golvet i den 189 år gamle driftsbygningen på ærverdige Årønes gard rett ved Molde lufthamn. Då Ose kjøpte garden i 2008 bar låven preg av at det ikkje hadde vore drift her sidan 60-talet. I dag framstår den kvitmåla bygningen som eit moderne forsamlingslokale metta med det beste av gammal sjarm.
I praksis tener låven som ein eksklusiv bonus for kundane hjå Ose si verksemd DID Adventure:
– DNA-et i det eg driv med er skreddarsydde utandørsaktivitetar og naturopplevingar for større grupper. Eg har difor ein regel om at alle må delta på ein aktivitet før dei kan nyte mat og drikke her i låven. Sjølv om eg får mange førespurnader, leiger eg ikkje ut låven til selskap. Han skal vera litt eksklusiv, fortel han.
Garden er framleis konsesjonspliktig og består av 40 mål dyrka mark og endå meir utmark som Ose leiger ut. Sjølv bur han i det staselege hovudhuset frå 1812 og har kontor i ei åttekanta kårstue, eller bårstua, som dei kallar ho. Der er det også møterom til 15 personar.
Den lange låven har ei grunnflate på 300 kvadratmeter i to høgder. I den første står det elektriske hardtailsyklar og kajakkar på båsen, vegg i vegg med treningsrom, verkstad og sanitæranlegg. Det er likevel høyloftet her i andre høgda som er sjølve hjartet i verksemda, seier Ose, som har stogga borte ved døra mot låvebrua.
Veggane var til nedfalls og i ferd med å ramle ut, og er blitt stramma opp med vaier og forsterka, seier han og peiker. Alt rote treverk er også erstatta.
– Låvebrua var støtta med ein dragar som stod midt i ansiktshøgd her, seier han og klaskar flathanda i panna.
– Det gjekk jo ikkje. No er han kappa av og erstatta med ein ny lenger opp.
Ose peikar på dei nye golvborda i ulike breidder, som no er dimensjonert for 200 dansande personar. Dei tre sørvende panoramavindauga midt på den eine langenden, som fyller låven med lys og gir utsikt til fjorden og fjella, var eit storprosjekt i seg sjølv, fortel han. Også det synlege taktroet, som tener som kledning over berekonstruksjonen og underlag for sjølve taket, er nytt, men laga på gamlemåten med trebord kant i kant.
Det lokale tømmerfirmaet som er spesialistar på gamle bygningar har i det heile hatt nok å gjere her på Årønes.
Og ja, det har kosta, gliser Ose:
– Garden er bevaringsverdig, så eg måtte til dømes søkje Riksantikvaren om å få sette inn panoramavindauga. Det var greitt, om me felte inn ein skyveport med original kledning utanpå, i veggen på kvar side.
– Når porten er att, ser låven ut som han alltid har gjort utanfrå. Løysinga kosta vel eit par hundre tusen ekstra, men han blir jo ikkje brukt. Det står ope heile tida, for det er utsikta folk vil ha.
Han humrar:
– Eg har vel brukt fem millionar på å setja i stand låven, så det er ein ganske dyr hobby.
Med det sagt, har alle gruppene han slit ut på tur ofte behov for både mat og moro etterpå. Tanken er at han ved å samle gjestene til middag her, gir dei ein unik meirverdi som ingen av hotella kan tilby. Håpet er at det òg vil løne seg på sikt:
– Skal ein tena pengar i denne bransjen, er det jo også eit poeng å prøve å behalde ein større del av verdikjeda, konstaterer han.
Sjølv starta Didrick Ose arbeidslivet som fiskar på ein norsk trålar i Australia og Argentina. Så følgde sju år i som marinejeger, før han hoppa av og tok ein master i marketing og starta i internettbransjen. Derifrå vart han handplukka som tryggingsansvarleg for fire danske og norske produksjonar av 71°Nord.
I sum meiner Ose karrierevegen har vore akkurat passe mangslungen til at han og stallen med frilansguidar kan innfri dei fleste av kundane sine ønskjer, anten dei drøymer om gourmetmiddag på ei privat øy eller overlevingscamp for å byggje lagkjensla på jobben. Der somme går for dei råaste toppturane på randonné eller alpint, vel andre saktare trugeturar. Lyst til å rappellere 50 meter rett ned frå toppen av hotellet Seilet? Sykle så fjellgrusen sprutar? Skyte med pistol? Ake? Padle? Golfe?
Didrick ordnar det meste.
Og det er altså først etter at gjestene har sveitta frå seg at Ose opnar låvedørene på vidt gav for dei som ber. Somme gonger freistar han med DJ og hurramegrundt afterski, andre dagar med innleigd kokk. På det meste har dei servert 200 middagsgjester frå det proffe cateringkjøkkenet i den andre enden av høyloftet, fortel han, før han kastar eit raskt blikk på klokka att.
Han får 85 bankfolk inn på tunet om eit knapt døgn og har ein del førebuingsarbeid som ventar, forklarar han.
Men stressa, det er han ikkje.
– Å glede folk er veldig meiningsfylt arbeid, og eg likar at det skjer mykje. Men ja, du må like å jobba, og å jobba for lite pengar. Eg jobbar 200 prosent, og rik blir eg ikkje!
Han lener seg bakover mot bardisken, laga av ein gammal høvelbenk:
– Det er fantastisk å få drive på med det eg gjer og å halde ved like og utvikla garden. Sjølv om gardsdrifta er annleis no enn ho var for to hundre år sidan, så er det framleis ein funksjonell og verdiskapande gard. Og det , det er eg ganske stolt av.