Forsiden

/ arbeid / "Ei flaske kan koste 200–300 kroner, og om ho ikkje fell i smak, er det bortkasta pengar."

/ arbeid / "Ei flaske kan koste 200–300 kroner, og om ho ikkje fell i smak, er det bortkasta pengar."

Tusenvis av smakar: Finn Eirik Larsen turnerer Norge med eit utal ulike vinar i bagasjen og utfordrar smaksløkane til folk flest. (Foto: Fretta/Magne Otterdal)

Finn Eirik Larsen reiser rundt i Noreg og byr folket på nye smaksopplevingar: – Smak før du kjøper, seier han. 

– Mange held seg til ein einskild vin dei kjenner frå før, seier Larsen. – Men med over 25 000 produkt på Vinmonopolet, finst det eit hav av moglegheiter. Folk treng berre tryggleik og ei anledning til å utforske. 

Eit mobilt vinunivers 

Konseptet Smaksrike.no er enkelt, men effektivt: Larsen finn eigna lokale i både små og store byar, inviterer dyktige vinimportørar og opnar dørene for publikum. Arrangementa er ikkje festar, men opplysande møteplassar der kunnskap og smaksløkar går hand i hand.

– Vinimportørane som deltek har ofte vore hjå produsentane sjølve. Dei kjenner druene, jordsmonnet og historia bak kvar flaske. Det gjev ei heilt anna djupne i formidlinga, seier han.

Smak før du kjøper

Eit viktig poeng for Larsen er at deltakarane får smake ulike vinar før dei kjøper. – Det er dyrt å eksperimentere på Vinmonopolet. Ei flaske kan koste 200–300 kroner, og om ho ikkje fell i smak, er det bortkasta pengar. Hos oss kan du teste 150–200 vinar i løpet av nokre timar.

Utvalet spenner frå klassiske franske og italienske vinar til musserande frå England og eksotiske variantar frå Aserbajdsjan, Sør-Afrika og Kina. – Det vert laga god vin i nesten alle verdsdelar, seier Larsen. – Det handlar om å våge å prøve noko nytt.

Kunnskap, mat og oppleving

Larsen opplever at deltakarane går heim med meir enn berre ein ny favorittvin. – Det handlar om å forstå vinen sitt samspel med maten.

Han understrekar at arrangementa følgjer norsk lovverk med på alkoholhaldige drikkevarer. – Me har alltid 20 års aldersgrense, det er kunnskapsformidling og ikkje noko form for sal.

Lærerik møteplass

– Folk spør alltid kva tid me kjem tilbake neste gong, seier Larsen.

 – Arrangementa er ein møteplass både for nybyrjarar og dei meir erfarne vininteresserte. Men hovudsaka er at folk får utvide horisonten og finne nye favorittar.

Han fortel at mange deltakarar har vore skeptiske til vinar frå visse land, men endrar syn når dei får smake. – Det finst ikkje eit vinproduserande land som ikkje lagar god vin. Å avgrense seg til eitt land, som til dømes Italia, er å gå glipp av mykje. 

Champagne i hovudstaden

Høgdepunktet denne hausten vert eit rendyrka champagnearrangement i Oslo i midten av november. – Det vert det første store arrangementet i Noreg med berre champagne, seier Larsen. – Rundt 25–30 utstillarar kjem, og alt som vert servert vil vere ekte champagne frå Champagne-regionen i Frankrike.

Han forklarer at champagne har stor variasjon på grunn av ulike druekombinasjonar og jordsmonn innanfor Champagne-regionen. – Det gjer champagne meir kompleks enn mange trur.

Framtida for vin i Noreg

Ifølgje Larsen er det også nokon som ser på moglegheiter for vinproduksjon i Noreg. – Eg har møtt folk som prøver å dyrke druer også her på Nordvestlandet. Eg er imponert over innsatsen, sier Larsen – men han håpar samstundes at klimaendringane ikkje går så fort at det vert mogleg med meir vinproduksjon her til lands.

Han peikar på at sider og fruktvin frå både Aust- og Vestlandet  allereie held høg kvalitet. 

Ein smakfull reise

Vinsmakinga handlar om  meir enn berre drikke – det er ein inngang til kultur, kunnskap og fellesskap. – Me lagar ikkje fest, me lagar opplevingar, seier han. – Og det er noko folk set pris på.