Forsiden
10.07.2025 14:40
Tidskapslar og kulturarv: Sjekk ut videojournalist Gorm Gaare sitt arbeid med levande arkivfilm!
I ei tid der digital historieforteljing og formidling kjem i stadig nye former, formidlar foto- og videojournalist Gorm Gaare ved Nasjonalbiblioteket den norske audiovisuelle kulturarven.
Gjennom fleire år har han arbeidd med å hente fram stoff frå arkiva og gi nytt liv til gamle filmopptak, og resultata skapar engasjement – både i Noreg og internasjonalt. Rett før han reiste på ferie, laga han denne videodokumentaren med glimt frå “fellesferien” på 1920-talet, sjå den her:
Gaare fortel at arbeidet med arkivfilm ofte inneber forhandlingar med rettshavarar, men at det meste handlar om å få løyve til bruk. Han har utvikla ein dokumentarisk stil der han klipper og tilpassar gamle opptak for å skape ein meir moderne rytme og appell.
Det viktigaste, seier han, er å vise menneske – ansikt og uttrykk som skaper gjenkjenning og kjensler hos sjåarane.
Eit døme er ein video frå Oslo sentrum i 1914, som har fått over 600 000 visningar på facebook. Slike klipp fungerer som tidskapslar, og kommentarane på sosiale medium viser korleis folk blir tildels filosofiske og rørte av å sjå menneske som for lengst er borte.
“Det er noe som rører meg dypt i hjerterota når jeg ser dette,” skriv ein av sjåarane i kommentarfeltet.
Sjå videoen her:
Nasjonalbiblioteket sine mest sette videoar inkluderer òg nyare materiale, som dokumentasjon frå det norske black metal-miljøet. Gaare fortel at dette var ein del av ei satsing i samband med metalutstillinga på Nasjonalbiblioteket i Oslo, og at interessa for norsk black metal er stor verda rundt – særleg i USA og i Italia.
Eit av Gorm sine nyaste prosjekt handlar om Ole Bulls mislukka koloni i Pennsylvania, Oleana, som Bull etablerte for over 170 år sidan. Her brukar han arkivmateriale, mellom anna ein sarkastisk vise framført av Vidar Lønn Arnesen og Erik Bye i NRK-programmet “Da Capo” frå 1992. Historia om Oleana, som enda i konkurs, er både tragisk og fascinerande – og framleis levande gjennom minnesmerke på stadem som fekk Ole Bull State Park. Dokumentarvideoen blir publisert i august 2025.
Gorm Gaare og teamet ved Nasjonalbiblioteket produsert rundt femti filmar i året , og han tykkjer arbeidet er både morosamt og meiningsfullt. Han har bakgrunn som internasjonal pressefotograf og har laga dokumentarar frå Europa og andre delar av verda.
No opplever han at arbeidet med arkivfilm som ein spesiell kontakt med historia, som tidskapslar og som gir eit heilt spesieltt innblikk i korleis liv vart levd for hundre år sidan.
– Det er spennande historier, seier han. – Når du finn desse videoklippa som er 100 eller 110 år gamle, er det nesten som å reise i tid, seier Gorm K. Gaare.