Forsiden

/ arbeid / "Når ein speler framfor ein så stor skjerm, er det nesten som å spele ute."

/ arbeid / "Når ein speler framfor ein så stor skjerm, er det nesten som å spele ute."

Carl Robert Brenden har vore ivrig skikøyrar i fleire år, og har endeleg fått seg ein ny hobby han kan drive med om sommaren, fortel han framfor golfsimulatoren. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Nytt liv i låven: Frå tørt høy til green i Sogndal

Heidi Molstad Andresen

Låven vart bygd som eit plaster på eit vegsår og har hatt både sau og kampsportutøvarar i fjøsen. No er det lyden av golfballar som fyller låven i Sogndal.

– Her på høyloftet var det OSB-plater og gamal isolasjon i heile himlinga. I tillegg til å isolere ut, har me kledd tak og vegger på innsida med ein isolerande duk for å dempe støy når ballane går vegg-i-mellom. Men det meste av pengane har jo gått til å kjøpe simulatorar og programvare, fortel Jon Erik Brox Holme (49).

NYTT LIV I LÅVEN: Den gamle låven vart ekspropriert då Statens vegvesen skulle byggje ut Sogndal – Fjærland i 1994, og ein ny låve sett opp på andre sida av riksvegen. Han har allereie hatt fleire liv. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Det skjedde i dei dagar då riksveg 5 åt seg innover landet. Etter at strekkja mellom Skei og Fjærland vart opna av sjølvaste visepresidenten i USA, Walter F. Mondale, kom turen til å byggje ut Sogndal – Fjærland i 1994. Undervegs vart fleire eigedomar eksproprierte. Blant dei som måtte vike for den nye vegen, var gardsbruket Nedrehagen i Sognalsfjøra.

Som plaster på såret fekk dåtidas eigarar ein splitter ny låve av Statens vegvesen. Det raude bygget vart sett opp på oversida av den nye riksvegen, og i nokre år var det på nytt låt frå både sau og hest her. Men ettersom sentrumsutbygginga kraup stadig nærare, vart det òg lengre mellom breka frå låven.

Til slutt vart det pip stilt.

Kjøpesenter?

Så der stod han altså, ein 220 kvadratmeter stor driftsbygning, tom og til ingen nytte. Dei første som kjøpte han, ville rive og bygge kjøpesenter. Det var då desse planane vart skrinlagde, at Jon Erik Brox og Robert Brenden brått vart låveeigarar. Dei fekk både bustadhus og 40 mål skog med på kjøpet:

– I starten leigde me ut huset og brukte låven som lager. Så var det plutseleg eit treningsstudio som ville inn. Dei fekk plass i stallen og sauefjøset. Då dei flytta ut for tre år sidan, var det ein annan kjenning som kom med ideen om å bygge golfsimulator. Så då gjorde me det, humrar Brox, som har sokke ned i ein svart skinnsofa og vippar med joggeskorne på kunstgraset.

Jon Erix Brox Holme har ingen planar om å rive låven. Han vurderer derimot å flytte han bort i bitar etter kvart. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Vegard Hofslundengen (27) nikkar frå ein stol like bortanfor. Saman med Brox er han ein av seks som no står bak konseptet kalla E-sim. Samla har dei investert rundt ein million berre på loftet.

– Far min er meir interessert i jakt enn golf. Han hadde sett ein jaktsimulator på ei messe og meinte me kunne ha det i tillegg. Og då me tok til å teikne, fann me fort ut at me hadde plass til begge delar.

Verda i Sogndal

Poff, seier det, i det Carl Robert Brenden (15) svingar kølla på utslagsmatta og lèt ballen treffe storskjermen framfor oss.

– Simulatoren er veldig realistisk. Når ein speler framfor ein så stor skjerm, er det nesten som å spele ute, seier Carl Robert Brenden. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Sjølv om Carl Robert vitterleg står her på høyloftet i Sogndal, er han i full gang med ein runde på ein av Donald Trumps golfbanar i Skottland. Ved hjelp av den såkalla Trackman 4-teknologien kan han kvar gong velje mellom kjente golfbanar rundt om i verda som er gjenskapte digitalt. Innebygd radar- og kamera analyserer kjapt køllesvingen og rørslene til ballen og gir Carl Robert beskjed om både ballfart, retning, spinn og avstand:

– Simulatoren er veldig realistisk. Når ein speler framfor ein så stor skjerm, er det nesten som å spele ute, seier han, og svingar kølla att.

Kompisen Edvin Tobias Holme (17), som følgjer med frå sidelina, kremtar:

– Ja. Og så får du brukt kroppen litt i same slengen, i staden for å berre sitte i ein stol og trykke på tastar.

Ni liv

Låven har òg fått brukt seg. I løpet av beskjedne 31 år på sogndalsjord har han hatt ei rekkje nye bruksområde. Her på høyloftet har det til dømes også vore treningsrom for kampsportutøvarar, og i den gamle sauefjøsen under oss har eit lokalt mikrobryggeri lager. Snart tek ein nettbutikk stallen i bruk til det same, fortel Jon Erik Brox Holme. Den 80 kvadratmeter store møkkakjellaren er i sin tur blitt mekkeverkstad for kompisgjengen til sonen Edvin Tobias, og Carl Robert, som er son av den andre eigaren.

Trass i fleirbruken, er det likevel golfsimulatoren som genererer mest pengar og interesse, påpeikar Hofslundengen. Han er sjølv ein relativt nyfrelst golfar:

– Frå Sogndal er den næraste golfbana Jølster, som ligg ein time unna. Alt like etter opninga før jul i fjor var det eit veldig trykk av drivne golfarar som ville spele og trene, med også av heilt nye, som ville prøve seg for første gong.

– Me kjøpte difor inn ein del utlånskøller og tilbaud oss å gje litt opplæring til dei ferskaste. I vinter låg me i snitt på mellom 10 og 12 bookingtimar kvar dag. I sommar har det vore 6–7 timar om dagen.

24/7

I tillegg til einskildpersonar, tek E-sim òg i mot firmaarrangement, julebord og vennelag. Prisen på 300 kroner per time er den same for både jakt- og golfsimulatoren og uansett kor mange som spelar. For å halde kostnadene nede er simulatorane sjølvbetente og opne 24/7. Alle bestillingar skjer via nett.

Sjølv om dei berre har vore i drift eit halvår, er Hofslundengen allereie overtydd om at tilbodet kan generere ei grei årsløn. Dei er likevel forsiktige med å oppmode alle med tomme låvar til å satse på det same:

– Me har ei ganske unik lokalisering. Sogndal er ein studentplass, og berre innanfor ein radius på nokre hundre meter, ligg det fire hundre studenthyblar. Sogndal Stadion og Sognahallen ligg også like ved, og i løpet av ein dag er det sikkert eit hundretals foreldre som leverer ungane på trening der. I staden for å sitte i bilen å vente, kjem fleire av dei hit for å spele, seier Brox Holme.

Hofslundengen nikkar mot eit område lenger inn på loftet:

– Ein blir jo ikkje rik av dette. Men fordi tilbodet allereie er så godt brukt, vurderer me å bruke pengane me får inn på å utvide med ein golfsimulator til. Me har alt sett av plassen der borte, peikar han.

Bygd i bitar

Utanfor er låveveggane som først vart måla kvite, i ferd med å bli grå. Området rundt er visst heller ikkje til å kjenne att. I dag er bygget omkransa av parkeringsplassar, og det er både ny veg inn på eigedommen og ned til møkkakjellaren på baksida av låven. Eit steinkast unna er dessutan fleire leilegheitsbygg i ferd med å reise seg.

Og jau då, også Brox Holme er eigedomsutviklar. Han vedgår at det difor slett ikkje er sikkert låven blir ståande her i Nedrehagen til evig tid.

– Låven vart i si tid bygd i modular inne på Hafslo og sett saman her. Så den dagen me eventuelt skal utvikle tomta vidare, vil eg ikkje rive og kaste låven.

– Det er jo viktig å halde liv i bygningar som allereie finst, i staden for berre å rive ned og bygge opp att. Både eg og kona meiner det bør vera større merksemd rundt gjenbruk i landbruket. Dette kan difor vera eit godt prøveprosjekt.

Brox Holme smiler:

– Eg har faktisk nett kjøpt eit småbruk utanfor sentrum, og kjem til å dele opp låven att og flytta han dit.

På spørsmål om han i så fall skal ha dyr i låven, sprekk han fort opp i eit endå større glis:

– Ja, faktisk – kona er veldig glad i dyr og me har allereie snakka om det. Så det kan nok godt hende denne låven får ein skikkeleg renessanse etter kvart. Det hadde jo vore litt artig, hæ?