Forsiden

/ namn / "No har det roa seg litt, men det går føre seg framleis. Og det kjem det nok til å gjere resten av mi tid."

/ namn / "No har det roa seg litt, men det går føre seg framleis. Og det kjem det nok til å gjere resten av mi tid."

Etter Septologien byrja å skriva Jon Fosse alt for hand, og han har lært seg å skriva slik slik at han forstår kvart ord att. Foto : Jan Inge Fardal / NPK

Kvart einaste ord i Vaim-trilogien er skrive for hand, og fleire filmmanus blir det neppe frå Jon Fosse. – Det blir ikkje fleire filmar, seier Nobelprisvinnaren og vedgår at "Kjærast"er resultat av at forfattaren trengde pengar.

Jan Inge Fardal

(Kunstnernes Hus, Oslo): Det har ikkje vore enkelt å få Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt spørsmål om ein prat: «Eg har no i fleire år takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt å melda, men sidan eg er heller ihuga målmann, så får me vel få til eit intervju då.»

Endeleg, altså – fredag 11.9. klokka 11.00 stilte nobelprisvinnaren frå Strandebarm i Hardanger til intervju med Nynorsk pressekontor i Kunstnernes Hus i hovudstaden, ein liten spasertur frå bustaden i «Grotten» like over gata.

Det vart ein lang og hyggjeleg samtale, som eigentleg var framifrå godt tima. Bok 2 i trilogien om Vaim, «Vaim hotell», er nyss komen ut til både ros og slakt, me kjem inn på begge, og det var ei lita veke til offisiell premiere på filmen «Kjærast», basert på originalmanuset «Bad Moon Rising» – Jon Fosses einaste filmmanus. Også filmen kjem me inn på, og ikkje minst kva storverket Septologien har hatt å seia for forfattarskapen. Me snakka òg mykje om korleis livet har vore etter Nobelprisen, og litt til. Så påstanden om at han eigentleg hadde lite nytt å melda, stemmer ikkje heilt.

Trengde pengar

Og berre så det er klart, sitatsjekk vil ikkje han ha noko av.

– Eg les aldri gjennom slikt, eg gidd ikkje det lenger, seier han, før me startar med det ferskaste.

Nemleg «Kjærast», filmen som nyss hadde premiere, men som i Fosses originale versjon heiter «Bad Moon Rising», skriven som hans einaste filmmanus ein gong tidleg på 1990-talet etter oppmoding frå Tom Remlov, den gong sjef for Norsk Film.

– Ja, eg trengde pengar, seier Jon om kvifor han gav seg i kast med eit filmmanus.

– Det var òg grunnen til at eg skreiv det første stykket mitt. Når du lever på den måten eg gjorde då, vil du ikkje ha nokon vanleg jobb. Då må du ta det som dukkar opp. No må eg ikkje det lenger, men då måtte eg, seier forfattaren som avslører at han aldri har vore spesielt interessert i film og at det ikkje blir fleire filmmanus frå han.

– Eg synest det er bråkete. Svære bilete og masse lyd! Nei takk. Men den gongen måtte eg gjera det, eg kunne ikkje takka nei til det tilbodet.

Min slutt står no der...

– Kvifor «Bad Moon Rising» – det er ein heller dyster tittel?

– Ja, ja. Det er no det og det kunne vore andre ting òg, altså. Men det er liksom den tida. Det var no dette gutebandet eg hadde i tankane. Og Creedence var jo noko alle spelte då, greie akkordar og alt det der. Så det var litt difor. Og eg synest tittelen stod litt til det manuset eg skreiv då. I manuset høyrer dei mykje på denne songen. Han køyrer bil, han mannlege hovudpersonen som heiter Asle, og så speler han i eit guteband. Og dei speler på eit hotell der han treffer den kvinnelege hovudpersonen. Og då speler dei songen og så...

– Du spelte i band då du var så ung, du og?

– Ja, det gjorde eg.

– Kor mykje av deg er i Asle?

– Ingenting, verken i Asle her eller Asle i Septologien. Men viss me tenkjer filmen, så er det einaste eg har litt røynsle frå, er å spele gitar i eit guteband. Eg har aldri vore sjømann. Eg har aldri hatt noko sånn sorg eller kjærleikssorg. Det er rein dikting. Men all dikting, sjølvsagt, har jo med mine røynsler, i den forstand, å gjera. Og så er det jo i eit vestnorsk landskap, som er mitt landskap. Og eg hadde fleire onklar som var uteseglarar...

Berre eit sidespor

– Du har sett filmen?

– Ja, svarar Jon, som kjenner regissør Erik Poppe frå eit dokumentarfilmprosjekt tidleg på 1990-talet.

– Erik skulle jo laga film av dette manuset mitt. Han laga det med sin logikk, og han har forandra litt, altså. Det er særleg slutten han ville ha annleis. Det er heilt greitt for meg. Min slutt står no der, seier han – utan at me går meir inn på det her. Men han tykkjer at Poppe har gjort det godt. Sjølv var han mest med i arbeidet med filmen for å passa på nynorsken og korleis språket skulle takast vare på. Han er godt nøgd med det han har sett, sjølv om han ikkje er heilt sikker på at det er den endelege versjonen han såg i den private visninga.

– Skal du på premieren?

– Nei, det er lenge sidan eg slutta med å gå på slikt.

I Jon Fosses diktarliv er «Kjærast» eigentleg eit lite sidespor. Og han er rimeleg sikker på at det ikkje blir fleire filmmanus frå hans hand. Han er òg trygg på at det å skriva eit manuskript av dette slaget ikkje har spelt noko særleg stor rolle i hans forfattarskap, utan at han på noko vis vil snakka ned den mykje kritikarrosa filmen «Kjærast», som han sjølv tykkjer er vorten veldig fin.

Men det er noko heilt anna når det handlar om Septologien, det som blir rekna som hans hovudverk, ja – eit meisterverk.

Ein tung mur

For når me spør om kva Nobelprisen har betydd for forfattarskapen, kjem han fort inn på at det å skriva Septologien faktisk har gjort meir med – og for – forfattarskapen hans enn det å få sjølvaste Nobelprisen.

– Eg brukte fleire år på å skriva Septologien. Det var ein slags mur, eller ei tung greie for meg. Eg skreiv det meste om natta, eller grytidleg om morgonen, kvar dag mellom klokka 05.00 og 09.00 – minst fire strake timar dreiv eg på. Det var krevjande og slitsamt. Så etterpå hadde eg lyst til å skrive noko som nesten var det motsette. Ikkje så ambisiøst, det vart trilogien om Vaim, som vart ambisiøs nok likevel, på sin måte, men på ein heilt annan måte enn når det gjaldt Septologien. Eg hadde ein god skriveperiode, for å seia det sånn. Var i flyten, skreiv nokre teaterstykke, og eg skreiv nokre prosabøker òg i dragsuget av Septologien, fortel Fosse om tida etter romanserien som kom ut i 2019, 2020 og 2021.

Men det som endra seg mest, i alle fall reint praktisk, etter det tunge og langvarige arbeidet med det som no står som eit hovudverk i forfattarskapen, er at Jon Fosse byrja å skriva for hand.

Betre handskrift

– Det første eg skreiv då, var eit skodespel som heitte «Sterk vind», fortel forfattaren som framleis skriv alt han diktar for hand – før han legg det inn på Macen. Den første romanen han skreiv for hand, var altså trilogien om Vaim.

– Og handskrifta er heilt grei, du skjønar alt du skriv?

– Ja, faktisk. Gamle gubben har prøvd å læra seg å skriva finare. Målet var ikkje å skriva fint, men å skriva slik at eg skjønte det sjølv. Så det har jo kome seg, og det er litt artig. Dotter mi gjekk i første del av andre klasse på den tida eg byrja med dette, og dei dreiv og skulle læra å skriva på skulen. Der brukte dei gammaldagse skrivebøker. Og då kjøpte eg òg slike bøker og skreiv og berre øvde meg opp. Og skrifta har komme seg. No skjønar eg alt. Eg skriv frykteleg fort, då, men sånn i all hovudsak går det bra no, seier forfattaren som heiar på at elevane i norsk skule skal byrja å bruka blyant og papir att.

– Dette med å skrive med hand er noko anna, i skulen må det vera bøker, blyant og papir, seier forfattaren som ikkje var i tvil kva han skulle gje då han som vinnar av Nobelprisen vart beden om å gje ei personleg gåve til Nobelmuseet.

Gåva vart notatbøkene han hadde skrive for hand til trilogien om Vaim, som var ferdig før han fekk Nobelprisen.

Ikkje spent i det heile

– Er du meir spent på mottakinga av ein film som «Kjærast» eller ei bok som «Vaim Hotell» no enn før du fekk Nobelprisen?

– Eg er ikkje spent i det heile, for å seie det sånn. Det er lenge sidan eg slutta å vera spent. Når du held på med denne elendigheita i så mange år, så...

– Elendigheita?

– Det er jo det. Etter å ha hatt så mange bokutgåver og så mange teaterproduksjonar, både i Noreg og i andre land så blir det jo det, desse meldingane. På det meste har det nesten vore ein kritikkrunde per dag kanskje i eit par veker, i gangen. Så det er eg veldig avslappa til no. Men det eg trudde, og det er ein utruleg ting, kanskje – då eg skreiv «Septologien», og gjorde han såpass katolsk, for å seie det sånn, var eg førebudd på at han kom til å bli hata. For du veit, i det intellektuelle, litterære miljøet, så har jo aldri slike ord om Gud vorte godt mottekne. Då vart du lenge uglesett. Slik var det i si tid, men tidene har skifta. Heldigvis. Men eg blei litt overraska over at det vart så godt motteke, ikkje berre i Noreg, men òg i Tyskland, England, Amerika og over alt, seier Jon Fosse som peikar på at det å forkynne er noko heilt anna enn å dikte.

– Anten det er politisk forkynning, sosialrealisme eller kristen triviallitteratur, det er ikkje dikting, altså. Du kan ikkje forkynne å dikte. Det er heilt umogleg.

Vaim er ikkje Vadheim

– Me må snakka litt om denne trilogien din «Vaim» og «Vaim Hotell», som begge er ute, og om «Vaim Vekeblad» som kjem neste år. Som sogning må eg spørja – er det bygda Vadheim ved Sognefjorden som er modell for denne trilogien?

– Nei! Eg har aldri vore der. Eg hadde berre køyrt igjennom. Eg hadde aldri tenkt på Vadheim som plass i det heile teke, seier forfattaren, som lenge heller ikkje var klar over at bygda Vadheim blir kalla Vaim av lokalbefolkninga. Men ein kjenning av han har budd der i oppveksten, og ein eller annan gong nemnde han dette ordet då, Vaim – utan å setja det inn i nokon samanheng.

– Men eg hugar at eg sa til han at det ordet hadde ein så fin klang, at det skulle eg ta vare på og bruka som tittel ein gong i tida. Og så blei det no slik då, seier Fosse, glad for at han hadde manuset til denne trilogien liggjande ferdig då han fekk vita om Nobelprisen.

– Mange snakkar om at det er vanskeleg å få skrive noko nytt etter ein Nobelpris. Og det skjønar eg veldig godt. Eg har skrive ein del sjølv etter, men ikkje så veldig mykje om sant skal seiast. Og eg bestemde meg òg for å omsetja, og no er eg snart ferdig med «Prosessen» av Kafka. For meg er det rett og slett avslappande å halde på med omsetjing. Eg samlar meg og konsentrerer meg om dette no.

Bryr seg ikkje om kritikk

– Me må nett attende til «Vaim Hotell». Dagen etter boka var ute, kom det to meldingar; ei var nesten slakt og ei var svært positiv. Aftenpostens Ingunn Økland var svært kritisk, skreiv at boka manglar framdrift i sin repetitive stil, der ei driftig kvinne gjer mann til sin tenar. Og ikkje minst – ho meiner dette er for tynt frå ein nobelprisvinnar? Kva tykkjer du om slikt?

– Som eg sa før, det er mange år sidan eg slutta å lesa og bry meg om slike meldingar, folk må jo få meina nett kva dei vil. Nokon likar det, andre ikkje. Slik er det no ein gong med det meste her i livet. Elles får eg jo vita om meldingar som dette, og for å seia det som det er, frå denne kanten hadde eg ikkje venta noko anna. Nokon likar det, skjønner seg på det. Andre likar det ikkje og skjønner seg ikkje på det. Nokon skjønner matematikk, nokon skjønner det ikkje. Nokon er musikalske, nokon er ikkje. Sånn er livet, og det har eg lært meg å leva heilt greitt med.

– Den andre meldinga, frå VG og Sindre Hovdenakk, var stikk motsett. Han kallar det ein grøssar frå Fosse, eit kresent stykke absurd uhygge, og til slutt: Det som verkeleg løfter boka opp på eit høgt nivå, er den særeigne reine klangen i språket. Ingen skriv nynorsk som Jon Fosse.

– Det var no berre godt å høyra det, då. Særleg i det siste. Eg og alt eg skriv er jo veldig knytt til det nynorske. Og det er eit slags livslangt prosjekt, trur eg. Eg blir aldri heilt utlærd, og det er litt fascinerande. Uansett – takk for ros, og så må eg få seia at eg lærer noko nytt om nynorsken nesten kvar einaste dag, og at eg er svært nøgd med å ha ein framifrå rådgjevar i Samlaget.

Visste ikkje om magien

– Om du skal oppsummere livet etter Nobelprisen, korleis har det forandra seg?

– Du kan seia at den prisen...eg visste jo det var ein gjev pris, det gjevaste du som forfattar kunne få. Og at det førte til både det eine og det andre, tenkte eg meg vel òg. Men at den skulle ha ei slags magisk kraft, som han faktisk har, hadde eg aldri trudd. At det skulle bli så mykje spetakkel med den prisen, altså. No har det roa seg litt, men det går føre seg framleis. Og det kjem det nok til å gjere resten av mi tid. Ja, no er det ikkje så gale her i Noreg, altså, her er det jo meir at eg blir attkjend, eg var jo litt sånn bytryne, som dei seier, før Nobel òg eg hadde jo halde på lenge. Så eg har litt røynsle med det. Men i utlandet, det kjem så ufatteleg mange e-postar og invitasjonar i aust og vest. Det gjer jo deg litt slegen ut, på ein måte, eller korleis eg skal seia det... Og sjølv om eg seier nei til nesten alt, så blir det, eller har det blitt, ein del reising, og sjølv om eg har roa meg litt ned innser eg at livet aldri blir heilt som før.

– Er du og familien din mest her i Oslo no?

– Ja, både her og der, eigentleg. Klokleg nok har me ei leilegheit litt utanfor byen. Og ei på Frekkhaug, nord for Bergen òg ei hytte i Sogn. Så me har fire plassar som me deler tida på.

– Køyrer du bil, då – når du fer rundt?

– Ja, det er veldig godt å køyra vestover om sommaren. Vinteren er ikkje noko stas.

– Køyrer du Hemsedal, eller..?

– Varierer. Litt her og litt der. Valdres er greitt. Litt lenger til, men ein flat og grei veg. Hardangervidda svingar heile tida. Så det er fint gjennom Telemark òg, og så vidare. Så det varierer litt. Det er litt av gleda med denne private reisinga, at du kan ta forskjellige vegar. Men når du har bestemt tida og vegen sjølv, så gjer det ikkje noko, eg likar lange køyreturar der. Særleg viss eg køyrer åleine, då. Sakte og trygt så langt det går. Og så lyttar eg på lydbøker.

Det viktigaste teatret

– Kva tykkjer du om posisjonen til nynorsk i dagens Noreg?

– Eg veit ikkje heilt, eg, men der ein har klart seg godt alltid, det er jo innanfor litteraturen og teateret. Og mykje av det kan du seia er på grunn av, eller takka vera, Det Norske Teatret, som er vorte det største og viktigaste teateret i Noreg. Så der står det bra til, og framleis kjem mange nye forfattarar til, så det er svært bra. Men det som kanskje er litt skummelt, det er jo dette med skulemålsprosenten. No ligg det vel på rundt ti, kanskje, det bør ikkje kome så mykje lenger ned. Det er uansett ein kamp for å halda skansane. Det er kjerneområda som held nynorsken oppe. Det er der me må byggje murar. Det handlar vel mest om Sogn og Hardanger og Voss og Sunnhordland og Sunnmøre, seier Jon Fosse.

Han sluttar ikkje med å undra seg over at nynorsken ikkje står mykje sterkare i fleire av byane på Vestlandet, som i Ålesund der talemålet liknar mykje meir på nynorsk enn bokmål.

– Men slik er det jo fleire stader, så det er ikkje utan vidare lett å skjønna kvifor så mange folk der vil bruka bokmål.

Eigen plass i Austerrike

Det er ein viktig del av Jon Fosses liv, både som diktar og som privatperson me ikkje har vore innom enno, det er forholdet til Austerrike. Nobelprisvinnaren har ikkje berre fire bustadar i Noreg, han har òg eit husvære i den vesle mellomalderbyen Hainburg an der Donau, som har vore og er heilt sentral i hans og familiens liv. Det var til dømes i denne byen han skreiv Septologien.

– Til saman har eg nok budd der i rundt 10 år, men over ein mykje lenger periode, fortel Jon om byen i regionen der kona Anna, som han gifta seg med i 2011, kjem frå. Byen der den vesle familien har levd og budd i desse åra og der ingen visste spesielt mykje om kven dei var og kvifor dei budde der.

– Eg gjorde minst mogleg vesen av meg, me levde eit stille liv og rusla rundt utan at nokon brydde seg, fortel Jon.

Så kom Nobelprisen og brått endra alt seg. Han vart attkjend av alle, og etter kvart vaks det fram eit ynskje om at byen måtte markera at ein nobelprisvinnar har bustad der. Bystyret var med, og sommaren etter vart «Jon Fosse Platz» opna.

– Det var ein stor seremoni, der ordføraren og alle notabilitetane i byen var med, og skiltet var avduka då eg stod på den eine sida og ordføraren den andre, så no står no skiltet der: Jon Fosse Platz, seier han om ein annan og heilt konkret konsekvens av Nobelprisen i litteratur.

– Men kvar er du når du ser framover? Tenkjer du nye bøker, nye skodespel ?

– Nei, det er ikkje noko eg tenkjer på eller kjem på no. Det får komme det som kjem og vil.

(©NPK)