Forsiden
05.09.2025 11:08
Det største isfjellet i verda, A23A, er i ferd med å sprekke opp i mindre delar
Isfjellet overlever truleg ikkje til slutten av november, nesten 40 år etter at det brekte laus frå den antarktiske ishylla. Det kan gå mot ein spektakulær kollaps omtrent som eit snø- og isskred til havs, seier Ted Scambos ved University of Colorado.
Fordi slike isfjell allereie flyt i havet, betyr ikkje ei slik oppløysing at havnivået stig. Men at ishyllene i Antarktis blir brotne laus, kan føre til smelting av isbrear inne på kontinentet, som fører til havstigning.
A23A braut laus frå ishylla Filchner-Ronne i 1986 langs ein sprekk i isen som først vart oppdaga i 1950. Isfjellet vart liggjande i ro langs kysten av Antarktis i rundt 35 år før det i dei siste åra flaut nordover til der massive isfjell gjerne går for å døy – i nærleiken av Sør-Georgia, ifølgje Scambos.
Før det byrja å sprekke opp, var A23A på storleik med Østfold og vog 1 billion tonn. No smeltar det raskt og er mykje mindre enn Vestfold. Det største isfjellet i verda er no D15A, som er dobbelt så stort som noverande A23A.
Viss isfjellet overlever våren i Antarktis, blir sommaren endå meir brutal, særleg når isfjellet no er teke av straumen og ført til varmare vatn ved Sør-Georgia. Då kan det kollapse og sjå ut som eit flytande snøskred som kan bryte saman på ein dag.
Andrew Meijers i British Antarctic Survey, som besøkte A23A i 2023, sa i januar at det då enno var kolossalt og strekte seg frå horisont til horisont.
– Det var som ein enorm vegg, ein Game of Thrones-type isvegg som tårna seg opp over skipet vårt, sa han.
(©NPK)