Forsiden
04.06.2025 10:44
Halvering av hoggormbit.
Giftinformasjonen fekk inn 60 meldingar om moglege hoggormbit i mai 2025. Det er ned frå 124 i fjor, og vi må tilbake til 2022 for å finne lågare tal på slike meldingar, skriv avisa Nationen.
Etter uvanleg mange telefonar om hoggormbit i april, vart førespurnadene i mai meir enn halvert.
Giftinformasjonen er ei nasjonal rådgivingsteneste som gir akutt hjelp og informasjon ved forgiftingar og mistanke om forgifting, og ligg under Folkehelseinstituttet.
Giftinformasjonen sin førespurnadsstatistikk er ikkje ei dekkjande oversikt over forgiftingar i Noreg. Det er mange som ikkje kontaktar Giftinformasjonen ved slike hendingar og nokon ringjer direkte til helsevesenet/andre instansar.