Forsiden

Stutte stubbar i september 2025

Stutte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i september 2025.

240 millionar donert til partia

Høgre, Frp, Venstre og KrF fått 129,9 millionar, medan Ap, Sp, SV, MDG og Raudt har fått 110,6 millionar av summen, viser ei oversikt frå E24. Medan milliardærar og toppar i næringslivet har gitt bidrag til høgresida, har venstresida teke imot store summar frå LO. Arbeidarpartiet har fått 60 millionar kroner, desidert mest av alle partia.  Høgre er partiet som tradisjonelt sett har fått mest frå milliardærane. I år har dei vorte utfordra av Frp, som har fått store donasjonar frå mellom anna Christen Sveaas, Kistefos og Aksjon for borgarleg valsiger.  Både Frp og Høgre har fått like under 50 millionar kroner dei siste to åra.

Helvta vil ha Støre ved roret

Med 50,1 prosent er statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den klart mest populære kandidaten til å styre landet i TV 2s siste statsministermåling. TV 2 publiserte målinga frå Verian medan dei tre statsministerkandidatane Støre, Høgre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Sylvi Listhaug vart stilt til veggs i den siste statsministerduellen til kanalen seint søndag kveld. Medan 50,1 prosent av dei spurde føretrekkjer Støre som statsminister i ein ny periode, svarer 24,4 prosent at dei ønskjer Solberg og 20,1 prosent Listhaug. Støre har dermed klart større oppslutning enn dei to borgarlege rivalane sine til saman.

Rekordvitjing på dei norske musea

Kulturdirektoratet rapporterer om rekordhøg aktivitet for musea i Det nasjonale museumsnettverket i 2024. Det var toppår for mellom anna talet på besøkjande på besøksarenaer, besøk på nettsidene til musea, publiserte fagfellevurderte forskingsartiklar, utstillingar og opne møte arrangerte ved dei fysiske besøksarenaene til musea.  – Svært gledeleg at arbeidet til musea for å styrkje lokalsamfunn og tilhøyrsel fører til meir besøk frå publikum. Det vitnar om at rolla til musea i samfunnet har mykje å seie over heile landet, seier Inga-Lill Sundset, seksjonsleiar for museum og kulturarv i Kulturdirektoratet.

Dårleg sjekking av kor dårleg eldre har det

Mange kommunar kartlegg i liten grad korleis det står til med helsa til eldre som bur heime, ifølgje undersøking. Funnet bekymrar Helsetilsynet. Halvparten av dei spurde kommunane vedgår at tidlegare innsats kunne forhindra at helsa til eldre blir forverra, skriv Stavanger Aftenblad om den landsdekkjande undersøkinga. Helsetilsynet har spurt kommunane om ulike helseundersøkingar er gjennomførte. Nesten alle kommunane (321 av 357) har svart:  35 prosent av kommunane kartlegg ernæringstilstand i svært liten til middels grad. 46 prosent kartlegg fallrisiko i heimen i svært liten til middels grad. Berre 24 prosent av kommunane kartlegg munn- og tannhelse i stor eller svært stor grad ved oppstart av heimeteneste. Og berre 37 prosent kartlegg psykisk helse i stor eller svært stor grad.

Også hjorten trekkjer mot Austlandet

Hjorten spreier seg til stadig nye område av landet og uttak frå hjortejakta held fram med å auke. Førre jaktsesong var det rekord med 54.200 felte hjort. – Talet på hjort som blir felt under jakta har dobla seg på 20 år, og frå å ha hatt eit hovudsete vest i landet spreier han seg no både austover, sørover og nordover, seier informasjonssjef i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Line Lillebø Osfoss, i ei pressemelding. Viss tala blir som i fjor, skal over 50.000 jegerar på hjortejakt denne hausten. Det er framleis fleire som rapporterer at dei går på elgjakt, men det er altså fleire hjort enn elg som blir felt. Det er over ein halv million registrerte jegerar i Noreg.