Forsiden
24.02.2026 14:09
Totalforsvarsekspert vil ha verneplikt for alle: – Vi treng eit eige beredskapsdepartement.
Mange av oss veit ikkje kva vi skal gjere ved eit eventuelt krigsutbrot. Myndigheitene er ikkje gode nok på sivilberedskap og skyv ansvaret over på enkeltindividet, ifølgje totalberedskapsekspert.
Berre 14 prosent av nordmenn kjenner til at kommunen deira har ein fast møtestad for innbyggarane ved større ulykker og kriser, syner Befolkingsundersøkinga til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).
– Myndigheitene har difor ein jobb å gjere for å førebu oss på ei krise, seier totalberedskapsekspert Gjermund Forfang Rongved til Nynorsk pressekontor.
Han forskar mellom anna på den sivile delen av det norske totalforsvaret og har redigert to bøker om temaet.
Skal vi bli flinkare framover er det viktig med koordinering og planlegging. Rongved peikar på at nabolanda våre er langt betre stilt enn oss.
– Den store flinke guten i klassen er jo Finland, ikkje sant. Der har dei mellom anna totalforsvarskurs, og dei har framleis verneplikt for alle. Eg meiner at det hadde hatt noko for seg å gjeninnføre det att i Noreg òg. Det byggjer einskap og samhald, gjer befolkninga førebudd og gjer det tydeleg at alle må bidra til fellesskapet – og om nødvendig forsvare nasjonen.
I dag er det Justis- og beredskapsdepartementet som har det overordna ansvaret for samfunnstryggleiken. Samstundes ligg ansvaret for matberedskap, forsvar, forsyningslinjer og infrastruktur under andre departement.
– Samordninga fungerer ikkje godt nok. Justis- og beredskapsdepartementet har enormt mange oppgåver og verkar ikkje å ha kapasitet til å prioritere sivilberedskapen, seier Rongved.
Eit nytt departement, kan vere svaret, ifølgje forskaren:
– I både Sverige og Danmark har dei fått ministrar for høvesvis sivil beredskap og samfunnstryggleik etter fullskalaangrepet på Ukraina i 2022. Eit slikt departement med budsjett, personell og planar ville truleg styrkt sivilberedskapen også her heime.
Ifølgje DSB har talet på nordmenn som har styrkt eigenberedskapen sin auka dei siste åra. Mellom anna har stadig fleire fylt opp og lagra dunkar med drikkevatn. I undersøkinga går det likevel fram at kostnader og lagringsplass er dei største hindera for å skaffe eit eige beredskapslager.
– Myndigheitene skyv ansvaret over på enkeltindividet ved berre å fokusere på dette. For mange vil det òg vere ein stor økonomisk barriere å gjere store innkjøp til eit lager. Dessutan bur mange i små leilegheiter med liten lagringsplass. I tillegg er det veldig utfordrande å få oversikt over kor mange som faktisk har det dei treng ved ei eventuell krise, meiner Rongved.
Totalberedskapsforskaren ser for seg at dette kunne vore løyst på andre måtar.
– Teoretisk sett kunne ein tenkt seg at myndigheitene delte ut statlege beredskapspakkar, til dømes kvart femte år – då ville ein i alle fall hatt større oversikt over kor mange som var førebudde og løyst den individuelle økonomiske barrieren. Men dette ville blitt veldig kostbart for staten og er nok difor heilt urealistisk. Ei meir nærliggjande løysing kunne vere å ha beredskapsbutikkar som sel det ein treng når krisa råkar, noko som no verkar vere i kjømda.
Styresmaktene legg òg opp til at kvar kommune og bedrifter skal ha beredskapsplanar. Rongved mistenkjer at den offentlege koordineringa av desse planane er for dårleg.
– Mange bedrifter og kommunar har eigne beredskapsplanar, som i seg sjølv eigentleg er positivt. Men det blir utfordrande om desse planane ikkje blir sett i samanheng.
Han peikar på at dei som lagar planane ikkje tek høgd for at dei menneskelege ressursane dei legg inn kanskje vil vere sysselsette i andre oppgåver på anna hald.
Rongved har ingen klare svar på akkurat kva du og eg kan gjere ved ei eventuell nasjonal krise. Hovudbodskapen hans er å oppsøke kjelder ein kan stole på.
– Det er essensielt at folk veit kvar dei skal hente rett og truverdig informasjon. Høyr på radio – og ver lydhøyr overfor myndigheitene. Det er det første ein må gjere om noko skjer.
Mangfaldet av medium vi har i våre dagar er ikkje nødvendigvis til hjelp.
– Under den kalde krigen slapp iallfall Einar Gerhardsen å forhalda seg til ein normaltilstand med konstant desinformasjon gjennom sosiale medium, og oppbygging av alternative røyndommar og spreiing av mistillit til styresmaktene gjennom kommentarfelt, You-Tube-kanalar og polariserande manne-podkastar, seier Rongved.
Han meiner kampen mot desinformasjon må forsterkast i heile samfunnet.
– Eg trur vi må bruke skuleverket til å spreie informasjon. Redaktørstyrte medium må også ha ei rolle, og gjere ein innsats, for å førebu oss. Vi bør òg øve på samarbeid mellom det sivile og det militære.
(©NPK)