Forsiden

/ arbeid / "Med tjørebehandla ski, treng du ikkje tenkje meir på smurning viss det er kuldegrader. Då har du feste opp og passeleg gli ned att."

/ arbeid / "Med tjørebehandla ski, treng du ikkje tenkje meir på smurning viss det er kuldegrader. Då har du feste opp og passeleg gli ned att."

Tarjei Gjelstad er tidlegare leiar av skisportmuseet i Morgedal og ein ivrig treskimakar. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Treskimeisteren frå Morgedal: Tarjei Gjelstad vidarefører den lystige skiarven!

Sondre Norheim revolusjonerte skisporten med innsving og hælbinding. I dag fører Tarjei Gjelstad arven vidare med furu, øks og tjøre – og kanskje litt meir tolmod enn pioneren sjølv var kjent for.

– Eg vil jo at folk skal oppleve gleda av å gå på treski, og helst på ski dei har laga sjølv. Det er ei heilt spesiell kjensle, veit du.

Tarjei Gjelstad står i verkstaden sin i Morgedal og dreg neven over ei halvferdig treski. Sidan 2006 har han vore ein av dei få som har halde den gamle treskimakartradisjonen i hevd. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Som morgedøl vart Gjelstad tidleg kjent med bragdene til sambygdingen og skipioneren Sondre Norheim, som vart fødd på ein husmannsplass under eit av dei brattaste henga i bygda for nøyaktig 200 år sidan.

Utstyrsfrik

Far til den moderne skisporten, blir Sondre Norheim kalla. Heiderstittelen handlar ikkje berre om korleis han stod på ski, men også kva slags ski han stod på, fortel Gjelstad, som er teknisk sjef i Kviteseid kommune og tidlegare leiar av skisportmuseet i Morgedal.

Då Norheim herja i bakkane her, stod sjølvsagt alle på treski. Men unge Norheim fann fort ut at han kunne gjere utstyret endå betre eigna for den halsbrekkande skileiken han var kjent for.

Det første han tok fatt i, var bindingen. Der dei samtidige heldt fast ved ei vidjebinding med to løkker som tåband og ei løkke under tåballen, utvikla Norheim sin eigen variant der han kombinerte tåbandet med eit hælband.

– I skileik kunne dei fort miste skia i lufta, og dei tradisjonelle bindingane gjorde det også vanskeleg å ta skarpe svingar. Med den nye bindingen kunne Sondre presse ned hælen og slik få betre styring på skia, forklarar Gjelstad.

– Det tok tid før dei andre tora å bruke hælbinding. Dei var redde for at skia skulle sitte for godt fast og at dei ville brekke beina om dei fall.

Carving anno 1800

Sjølv har Gjelstad lært skimakarfaget av sambygdingen Aasmund Kleiv. Han laga ski slik far hans og far hans før det gjorde, heilt attende til Sondre Norheim si tid.

Også plankane gjekk gjennom ein aldri så liten revolusjon etter at Norheim sette i gang. Hovudideen hans var å gjere skia smalare på midten, slik at dei vart enklare å svinge med. Patentet, som etter kvart vart heitande telemarksski, gjorde det òg enklare å hoppe og gjere stautare nedslag.

Dette var starten på den innsvinga carvingskia slik me kjenner ho i dag, forklarar Gjelstad, som fatar tak i ei halvferdig ski frå ei diger trekasse i verkstaden:

– Her i Vest-Telemark brukar me mest emne av furu. Ho gir lette ski, og frå årringane får ho også naturlege riller under som gjer at ho glir godt på kaldt føre. Andre brukar hardare treslag som ask og alm – og bjørk, som vart mykje nytta på Vestlandet. Då får skia ei glattare overflate og er betre på våtare føre.

Bjørk vs. furu

Utforminga av skia avheng òg av kva skia skal brukast til. Til skogsbruk er det fint med breie og kortare ski. Til meir krevjande fjellturar kan dei gjerne vera lengre og smalare.

Skia til Sondre Norheim var til dømes 220 centimeter lange og 7–8 centimeter breie framme, fortel Gjelstad, som no har henta ned ein skimal frå veggen. Han legg malen på ein furuplanke og teiknar opp. Etterpå skal han i gang med saga; ei av mange maskiner som står tett-i-tett her inne.

I røynda treng ein likevel ikkje meir enn ei øks, ein høvel og ein kniv for å lage seg eit draumepar, fortel Gjelstad.

Sjølv produserer han ski både for sal og for utlån til barneskular, sistnemnde gjennom eit større prosjekt i regi av Ski- og skimakarforeininga. Sist vinter arrangerte foreininga skileikdag og fortalde om skihistorie og skimaking for 700 ungar på 22 skular. I tillegg underviser foreininga i skimaking ved universitet og høgskular og held kurs for private.

– Den eldste bruken av ski er kanskje 12.000 år gammal, og treski fungerer jo like godt no som då. Difor er det ein viktig tradisjon å ta vare på. Miljøvenlege er skia også, seier Gjelstad.

Damptrikset

Når treet er tørka og kløyvd, brukar han øks til å hogge ut forma før han høvlar ned materialet. Skituppen blir først spikka til med kniv. For å få fram den karakteristiske bøygen, legg Gjelstad tuppen over ein dampande kjele med vatn ein times tid. Så låser han skia fast i ein mal med boge, som kan minne om framdelen på ein gammal trekjelke.

Etter eit døgn fastspent i malen, har skia fått ein lang og smal bøyg som flyt godt på snøen. Påmontert ei solid fjellskibinding har ein då alt som kjenneteiknar ei moderne turski, forsikrar Gjelstad, som også etterbehandlar skia med ei fleire hundre år gammal oppskrift beståande av tjøre, linolje og terpentin.

– Med tjørebehandla ski, treng du ikkje tenkje meir på smurning viss det er kuldegrader. Då har du feste opp og passeleg gli ned att.

Han humrar:

– Det er noko større skilnad ved vått føre. Akkurat  er det godt at det finst glasfiber.

Ei rastlaus sjel

Sondre Norheim skal ha vore seks år då han kom flygande over hustaket heime på Øvrebø første gongen. 30 meter framåt i upløgd snø, blir det sagt at han seinare hoppa, og på det høgaste rende han ut over ein 12 meter høg låve. Han var ein meister i både slalåm, langrenn og hopp og fekk tidleg ei høg skistjerne blant sambygdingane.

Som ungkar reiste Norheim rundt som både slåttekar, smed og tømrar, og ikkje sjeldan slo han seg ned på dei plassane der det var skimiljø. Då han gifta seg som 29-åring og etter kvart fekk åtte ungar, vart det bråslutt på livet som lausarbeidar. No gjaldt det mest av alt å tene nok pengar til mat.

Ifølgje historiebøkene gjekk akkurat det berre slik passeleg. Vel var Norheim ein flink handverkar, men korkje ansvarskjensla eller tolmodet skal ha vore særleg sterkt.

Han treivst framleis best når han kunne perfeksjonere skikøyringa og leike fritt i bakkane i Morgedal – og det gjorde åttebarnsfaren så ofte han kunne.

Vinnar-attesten

Det skulle likevel gå mange år før skitalentet og utstyret hans vann nasjonal merksemd. Det skjedde først i 1868, då han som 43-åring var invitert til skirenn i Kristiania. Norheim brukte tre dagar på den 20 mil lange skituren til hovudstaden, der han konkurrerte mot eit femtitals unggutar i ein kombinasjon av hopp, langrenn og slalåm. Dei tevla ikkje berre på tid, men også på haldning, tryggleik og korleis dei brukte staven.

Referatet frå rennet i Aftenbladet dagen etter levna ingen tvil om at vinnaren var noko heilt for seg sjølv:

«Det er noget så mærkelig ved hans Rænd og Gang på Skierne at man måtte tro, at det for ham var den medfødde og naturlege Måde at bevæge sig på. Med staven som en Spadserstok i den ene Hånd gjorde han et Hop, så skierne i 2 a 3 Skilængder ikke berørte Marken, og når han kom ned efter et sådant Sprang var det ike Spor af Ustøhed eller Balanceren. Når man har seet Sondre Ouversen Norheim og man erindrer at Manden nu er 43 år gammel, kan man først gjøre sig en riktig Forestilling om, hvad en Skiløber af første Rang i sin sprækeste Ungdom vilde kunde præstere.»

Telemark-modellen

Rennet i hovudstaden vart ikkje berre første gongen Norheim synte fram telemarksvingen. Det var også første gong folk utanfor Telemark fekk sjå utstyret han hadde utvikla, fortel Gjelstad:

– Skia og bindingen vekte stor merksemd, og etter rennet gjekk det ut ei tilråding til alle skimakarar om at dei skulle lage ski på same vis. Telemark-modellen, vart han kalla, og skia var cirka 8,5 centimeter breie framme, 7 på midten, og 7,5 bak.

– I den same perioden tok dei til å kopiere Sondre sitt nedslag og sving, som etter det vart heitande «telemarksnedslaget» og «telemarkssvingen». Då var Sondre altså godt over 40 år og konkurrerte mot tjueåringar. Han var ein heilt unik skiløpar, slår Tarjei Gjelstad fast.

Draumen om Amerika

Likevel: Renna var ikkje mange nok, og pengepremiane ikkje store nok, til å fø familien på ti i Morgedal. Til det var det berre hardt fysisk arbeid som gjaldt, og det var det heller ikkje nok av på denne tida. Norheim var femti år gammal då han avslutta si sju år gamle nasjonale karriere og deltok i sitt siste skirenn i hovudstaden.

Eit knapt tiår seinare tok han difor eit livsendrande val, til liks med mange andre nordmenn som satsa alt på «Det Nye Landet».

Med støtte frå fattigkassa freista familien Norheim først lukka i Minnesota. Men ettersom dei hadde reist seint, var det beste landet allereie teke av andre.

Familien vart difor tvinga lenger vest, til Minot i Nord-Dakota.

Unhappy ending

Det kjem kanskje ikkje som noko stor overrasking at Sondre Norheim aldri vart nokon god farmar. Skimakarverktøyet han hadde med seg var heller ikkje nok til å løfte tungsinnet som kom over han, på ein stad der marka låg grøn store delar av året.

Dei siste åra av livet til legenda Sondre Norheim vart difor slett ikkje som han hadde håpa på.

– Han skal ha gått mykje og stura og tenkt på bakkane her i Morgedal, og døydde som ein ulukkeleg mann, 72 år gammal, fortel Gjelstad.

Han har sjølv to gonger vitja farmen der Sondre Norheim ligg gravlagt, sist gong i sommar, for å markere at det var 200 år sidan ein av dei største morgedølane kom til verda.

Han skjønte så altfor godt kvifor Norheim aldri fann seg til rette der ute på prærien:

– Landskapet var så flatt, så flatt – og veldig forblåst. Det første eg tenkte då eg kom dit, var at «dette er ikkje ein stad å bu for ein morgedøling», seier Tarjei Gjelstad.

– Og det var i alle fall ikkje ein plass å bu for ein kar som Sondre Norheim.

Kjelder: Morgedal.com og Torjus Loupedalen: «Morgedal Skisportens Vogge»

(©NPK)