Forsiden

/ namn / "Å jobbe med gammalt listverk og gamle vindauge er faktisk jækla kjekt"

/ namn / "Å jobbe med gammalt listverk og gamle vindauge er faktisk jækla kjekt"

Å ta vare på gammal, norsk byggjetradisjon er viktig for Einar Nilsson. Foto: Jan Inge Skogheim / Fotspor Film

Tek vare på norsk bygningskultur: – Det handlar om å grave i historia til gamle hus, seier Einar Nilsson.

 Det er mange gamle hus rundt om i bygdene som treng omsorg. Derfor er det imponerande når unge folk tek på seg oppussingsjobben og vil skape seg ein heim der. Vi har snakka med handverkar Einar Nilsson som i haust har møtt og hjelpt fleire av dei på TV. 

– Det verste eg veit er såkalla bustadflipparar som kjøper ein gammal bygard eller eit trehus, og så ribbar dei alt som finst innvendig. For så å byggje opp eit listefritt funkismiljø. Det er ikkje slik vi skal behandle gamle hus, seier handverkaren og TV-personlegdomen Einar Nilsson.

Du har kanskje sett den 61 år gamle bergensaren på TV. I haust har han hjelpt unge menneske frå ulike delar av landet med å restaurere eldre hus i serien «Nytt liv i gamle hus» på NRK, og han har vore med i «Fjellhytta»-serien på TV 2. Før det var han i med på oppussingsprogrammet «Tid for hjem» på TV 2, som gjekk frå 2004 til 2023.

– Det er inspirerande å grave i historiene til gamle hus og finne fram til korleis det eigentleg såg ut. Å jobbe med gammalt listverk og gamle vindauge er faktisk jækla kjekt, seier Einar Nilson og smiler.

Derfor blir han også glad når unge menneske, ofte i etableringsfasen, slike som han har møtt i serien «Nytt liv i gamle hus», har same innstillinga. Korleis dei går på med krum hals og brukar alt dei har av fritid på å gjere huset dei har kjøpt, så nær opp til originalen som mogleg.

Handverkaren frå vestlandshovudstaden brenn for å ta vare på gamle hus. Dette har sete i han sidan han lærte tapetserarfaget av ein dyktig fagmann i Florida i USA som 20-åring. Han hamna der på grunn av ei sterk utferdstrong etter vidaregåande, fortel han. Og tapetserarfaget hadde høg status i USA.

Einar Nilsson brenn for restaurering av gamle hus. Det er viktig å ta vare på den norske bygningstradisjonen, meiner han. Foto: Bent Tandstad / NPK

Med lisens til å tapetsere

– Eg kom tilbake til Noreg med eit mål om å bli tapetseraren over alle tapetserarar. Der borte var dette eit eige fag, men eg forstod at her i landet måtte eg også måle. Slik kom eg i kontakt med Geir Vetti, sjølve husdoktoren her i Bergen. Han var ekspert i å ta vare på gamle hus og hadde heile tida behov for ein som kunne gjere målararbeid i restaureringsprosjekta sine. Det var nok slik det starta, seier Einar Nilsson.

Men han har alltid vore glad i å jobbe praktisk, og forming var favorittfaget på skulen. Heile livet har han hatt stor glede av å lage og reparere ting, fortrur han oss.

Einar Nilsson kom tilbake i Noreg og Bergen midt i jappetida, då pengane sat laust hos mange. Og mange brukte pengane på å restaurere eldre hus. Og den heimkomne 22-åringen fekk raskt eit ord på seg for å gjere ein god jobb.

– Det kom ein skrytepave som hadde vore i Amerika og kunne tapetsere, og som gjorde kjempebra arbeid. Og det måtte dei sjølvsagt betale litt for. Mange trudde dei var rike på den tida, humrar han.

Media fatta også interesse for den unge handverkaren, og det var viktig for å bli kjend. Den store TV-debuten kom i 2004, då han kom med i «Tid for hjem»-serien.

Å grave i historia

Vi møter han i lokala til filmselskapet Fotspor Film på Minde i Bergen, som han samarbeider med om i dei ulike TV-prosjekta sine. Dei held til i det gamle NRK-huset, der fleire selskap i ulike kreative næringar har etablert seg.

– Eg har alltid vore ute etter å halde på med noko som er litt utanfor A4-formatet. Kven som helst kan måle ein kvit vegg, så eg vil gjere andre ting. Eg har halde på ei stund og sett kor viktig det er å ta vare på bygningshistoria vår, seier Nilsson.

– Det er kjekt å halde på med handverk og få vise det fram på TV. Det kan kanskje inspirere nokon til å bli handverkarar og halde på med praktiske ting. Det har vore ei drivkraft for meg. Og det er veldig kjekt å få hyggjelege tilbakemeldingar, ikkje minst frå unge som har same interessa.

Trioen bak TV-serien «Nytt liv i gamle hus». Frå venstre Einar Nilsson, regissør Jan Inge Skogheim og fotograf Daniel Volle. Foto: Bent Tandstad / NPK

Ressurskrevjande

Nilsson legg ikkje skjul på at det å restaurere eit gammalt hus er ein tid- og ressurskrevjande jobb, men han synest det er flott å sjå unge menneske som går i gang med entusiasme og pågangsmot.

– Det er det vi prøver å heie på. At folk går i gang og samstundes lukkar litt auga for kor krevjande det vil bli. Det beste er når huseigaren sjølv kan halde på saman med deg, og ikkje minst kunne bruke tid på det. Men det er nok mange som hadde droppa prosjektet om dei på førehand hadde visst kor ressurskrevjande det vart, konstaterer han.

Og den meritterte handverkaren er klar på at det er fullt mogleg å skape eit moderne hus og likevel bevare det gamle uttrykket.

Det er alt spelt inn ein ny sesong av «Nytt liv i gamle hus», og denne skal etter planen sendast like over nyttår. Her får vi møte nokre av dei som var med i førre sesong, men også nokre nye prosjekt.

– Ikkje kast vindauge

– Eg håper serien vil hjelpe til med å skape eit medvit om kor viktig det er å ta vare på det gamle. For eksempel at folk ikkje berre kastar gamle vindauge. Gamle, norske vindauge held høg kvalitet, og det er berre tull å byte dei ut med moderne. Mange kjøper nye, gjerne billege og av dårleg kvalitet. Kor lenge varer dei i forhold til dei som har stått der i 200 år? spør han.

Han fnyser av kombinasjonen vedlikehaldsfritt og billeg. Ingenting er vedlikehaldsfritt, slår den erfarne handverkaren fast.

– Når du begynner å pusse litt på treverket som er på botnstokken og på vindauga, så ser du at det er kjempebra treverk. Ofte er det brukt tettvaksen alenfuru, eller malmfuru, og det skal faktiske mykje til at ho rotnar. Gjer ein skikkeleg vedlikehald vil dei halde veldig lenge, seier han.

– Det er viktig å ta vare på vakre detaljar i gamle hus, seier TV-handverkaren Einar Nilsson. Foto: Jan Inge Skogheim / Fotspor Film.

Sjølv bur Einar Nilsson og familien i eit hus frå 1896. Der har dei budd i nesten 30 år, og han vedgår at dei har skifta ut både det eine og det andre.

– Men det er framleis eit gammalt hus. Både tak og listverk er originalt, forsikrar han.

Handverk og musikk

Einar Nilsson er ein mangfaldig mann. Musikken er også ein stor del av livet hans, og han har spelt i ulike bergensband opp gjennom åra. Blues og jazzrock har stått hjartet hans nært.

Akkurat no er han med som gitarist og vokalist i «tribute-bandet» Stanley D, som berre spelar musikken til det legendariske amerikanske bandet Steely Dan – ei blanding av pop, rock og jazz.

Handverkaren, eller altmoglegmannen, trivst godt med variasjonen. Som han skriv på nettsida si:

Drivkrafta er kjærleik til faget, det å forvandle noko stygt til noko fint, noko upraktisk til noko som fungerer. Visuelle og funksjonelle forbetringar.

– Det står mange tomme hus rundt omkring. Det er kanskje mogleg å få det for ein billeg pris. Så kan ein heller bruke pengane på å setje det i stand – og då får ein noko heilt unikt, seier han.

(©NPK)