Forsiden
23.03.2026 16:51
Har snart brukt 25 år av livet på kampen for lokalsjukehusa, no fryktar Bente Øien Hauge at alt er tapt
Dersom du er oppteken av lokalsjukehusa rundt om i landet, har du truleg høyrt om Bente Øien Hauge. Ho har stått på barrikadane for helsetenesta i distrikta sidan like etter tusenårsskiftet. No fryktar ho at kampen er tapt, at alt håp er ute.
Tysdag 24. februar 2026 var ein mørk dag for Bente Øien Hauge (69).
– Det er svart, heilt svart no, seier ho i stortingsrestauranten der ho tek ein matbit etter å ha høyrt debatten i stortingssalen. Ein debatt om eit forslag som – i alle fall på kort sikt – etter hennar meining kunne ha berga ortopediavdelinga og dermed sjukehuset i heimkommunen Lærdal.
Endå ein gong er Bente i hovudstaden eine og åleine for å få folkevalde og byråkratar i Storting og departement til å forstå kor viktig eit lokalsjukehus er. For tryggleiken til folk, for helsa, for beredskapen og trivselen, ja – for heile regionar. Turen heim går med nattbussen seinare på kvelden. Det er slik ho har reist att og fram mellom Lærdal og Oslo i snart 25 år, sidan hennar engasjement for lokalsjukehuset starta etter at ho høyrde om eit utspel frå det lokale helseføretaket i 2002.
Kvifor er ho så langt nede no?
– Først og fremst fordi dette ikkje berre er ei lokalsjukehussak, ei Lærdal-sak. Nei, det er eigentleg ei distriktssak. Og så snakkar Vestre & Co om at siste ord ikkje er sagt, at dei skal sikra helsetenester nær folk. Men kva skal denne tenesta innehalde? Og kven skal gjera jobben? Framleis er eit lokalsjukehus som i Lærdal eit kraftsenter, fordi det har vorte satsa på, seier ho og siktar til det viktigaste beinet som lokalsjukehuset i heimbygda kviler på, nemleg ortopedien. Men kanskje ikkje minst – korleis dette tilbodet vart bygd opp, og fekk utvikla seg på dette vesle sjukehuset frå 2004 og utover. Noko som òg bidreg til breiare fagmiljø og betre beredskap ved ulukker og katastrofesituasjonar som mellom anna Lærdalsbrannen i 2014, då sjukehuset hadde over 400 pasientar innom dørene i løpet av mindre enn eit døgn.
– Det finst i dag folk over heile landet som har fått gode kne i Lærdal. Og det er jo takka vera Truls Jellestad og det faglege miljøet som har fått utvikla seg rundt han på ortopedisk avdeling i alle desse åra. No blir dette rive vekk, og i andre enden ser eg eit lokalmedisinsk senter, sukkar aksjonisten som gjerne ville sett slutten på akkurat den rolla.
– Kanskje me finn på noko rundt 8. mars, men så må det vel vera over for min del?
Oslo-jenta hamna rundt 1980 litt tilfeldig på garden Hauge i Lærdal, der ho framleis bur med ektemann og kunstfotograf Jens. I mange år var livet svært hektisk med familie, ungane Anders og Annemarie, gardsdrift, engasjement i organisasjonar, verv i lokalpolitikk og ikkje minst hennar eige firma «Original – grafisk form» som ho dreiv frå 1987 til 2000. Men då sa det stopp. Den engasjerte dama var heilt utbrent. Depresjon og angst prega livet hennar dei neste åra. Difor hadde ho ikkje følgt med på nyheiter og heller ikkje fått med seg innføringa av helseføretaksmodellen.
Det var som takknemleg og fornøgd pasient, etter ein operasjon på sjukehuset i heimbygda, at engasjementet for lokalsjukehusa vart kveikt. Bente spissa øyra då dei snakka om Lærdal sjukehus på den lokale nyheitssendinga i desember 2002. Ei prosjektgruppe i Helse vest hadde komme fram til at sjukehuset i Lærdal skulle leggjast om til eit distriktsmedisinsk senter. Veka etter kom det melding om at ei prosjektgruppe i Helse Førde hadde konkludert med at Lærdal sjukehus skulle oppretthaldast. Korleis skulle dette gå? Bente kunne ikkje akseptera nedlegging av det gode lokalsjukehuset sitt.
– Det verka jo også som det eine nivået ikkje visste kva det andre dreiv med. Så dei trengde mi hjelp, meinte Bente. Det vart starten på dei mange åra som sjukehusaksjonist.
Bente er ein organisator av natur. No brukte ho dei gamle nettverka sine i «Etablerarforum for kvinner i Sogn og Fjordane» og «Kvinneuniversitetet» til å nøsta opp, førebu og organisera ein skikkeleg protest. Veteranar frå fylkessjukehusstyre og folk frå LHL som tidlegare hadde samla inn til sjukehusutstyr hjelpte til med skulering. Og Bentes framleis uunnverlege makkar Siv Enerstvedt frå Årdal var med frå starten.
I løpet av to veker, våren 2003, makta dei gjennom samarbeid med ulike lag og organisasjonar og butikkar i sjukehuset sitt opptaksområde, å samla inn meir enn 13 000 underskrifter til forsvar av akuttberedskapen og fødeavdelinga i Lærdal.
– I april 2003 køyrde tre bussar fulle med folk og plakatar frå Lærdal og inn til plassen framfor Helsedepartementet. Me overrekte overskriftene til dåverande helseminister Dagfinn Høybråten. Og så fekk han ei fin brosjyre som eg hadde laga om sjukehuset, for å motverka den negative propagandaen frå Helse vest. Då det var gjort tenkte eg at no var eg ferdig, og no skulle ikkje eg gjera noko meir med dette, seier Bente. Ho hadde jo også lova Siv at aksjonen berre skulle vara i tre månader. Sjukehuset vart ikkje omgjort til noko distriktsmedisinsk senter. Men dei tapte kampen om fødeavdelinga, som vart lagt om til forsterka fødestove.
Fleire lokalsjukehus var i faresona, og Bente Øien Hauge vart ulønt koordinator for det landsomfattande nettverket Folkebevegelsen for lokalsjukehusa, i tillegg til Forsvar Lærdal sjukehus. I mange år følgde ho alle styremøte i Helse Førde. Skreiv ut sakspapir, førebudde seg, rapporterte. Med Folkebevegelsen var ho i stadige møte i Oslo, arrangerte nasjonale samlingar og demonstrasjonar, deltok i høyringar og rapportarbeid med ulike aktørar. Siste demonstrasjonstur til hovudstaden var med fleire fulle bussar med demonstrantar til Eidsvoll plass torsdag 8. januar i år. Og berre så det er sagt, ho har helst på alle helseministrar sidan Høybråten, med unntak for Bjarne Håkon Hanssen. Av ein eller annan grunn ville han ikkje møta dei.
– Korleis har du klart å halda i oppe eit slikt engasjement i alle desse åra?
– For meg handlar det mest om at det som har føregått i desse helseføretaka og det som skjer no, er så fordømt urettferdig. Og feil! Eg trudde lenge at om me berre kunne forklara dette tydeleg nok, så ville dei ta den rette avgjerda. Men undervegs har eg mista tilliten til heile føretakssystemet, seier ho. Dei lever i eit anna univers, dei som driv det. Eg har òg mindre tillit til det norske demokratiet. Departementet sine byråkratar som trur dei veit best og legg føringar, dei styrer for mykje. Og politikarane driv med eit spel.
– Så, Bente – kva trur du er att av sjukehuset i Lærdal, skal me seia om to år?
– Eg har eigentleg ikkje lyst til å tenkja på det. Etter det Helse Førde til no har sagt og beskrive om dette, og det som vart referert til inne i salen, så ser ikkje eg for meg dei kompenserande tiltaka dei snakkar om som noko anna enn fragmenterte poliklinikkar som skal fylla ut lokala som blir tomme etter ortopedisk avdeling. Det blir ikkje eit samla fagmiljø, ikkje ein stab der dei kjenner kvarandre. Fagfolka vil ikkje høyre til sjukehuset, dei vil berre komma av og til – og så dra att. Akkurat no kjenner eg veldig sorg og pessimisme for heile sjukehuset. Det kjennest svart. For pasientane, for personalet, for lokalsamfunnet og heile Sogn.
Men du må ikkje tru at denne kraftpakka i Lærdal berre er oppteken av lokalsjukehusa, langt derifrå. Ho var politisk aktiv for SV, men meldte overgang til Raudt etter at SV var med på å leggja ned fødestova i Lærdal. Ho har allsidig akademisk og yrkesmessig bakgrunn, både språk, psykologi, jordbruk, grafisk formgjeving og leiing. For tida er ho i gang med eit studium på Universitetet i Tromsø.
– Det heiter «Slekta – den usedvanlege historia om vanlege menneske». Det er ti poeng eller noko sånt, ikkje eit stort studium akkurat. Men på garden tek eg imot ein del amerikanarar som eg hjelper med å finna røtene sine, difor er dette studiet så nyttig for meg, seier ho. Og så er det eit stort pluss at dette studiet har gitt ho eit betre fundert forhold til kjeldene.
– Plutseleg skjønnar eg til dømes betre kva dei meiner med kjeldekritikk. Og kvifor oppføringane i kyrkjebøker er ulike opp gjennom tidene. Det der å få nye rom og ny kunnskap er både spennande og interessant. Eg har jo halde på med slektsgransking sidan 90-talet, men no får eg betre verktøy, seier Bente før ho legg til: og så er eg jo sekretær og assistent til kunstnarektemannen min, og det krev ein del. For han rører ikkje ein e-post. Han tek ikkje i eit skjema og har aldri sett fingeren i ein nettbank. Så det er lange lister med oppgåver i filofaksen min, smiler ho, før ho legg til:
– Og så er eg sertifisert skogsbadguide.
– Skogsbad? Kva er det for noko? Passar du på trea, rett og slett?
– Nei. Det er noko japanarane har utvikla. Medvete naturnærvær. Eg tek med folk ut i skogen, og så startar me med ein sirkel for å opna sansane og skru ned tempoet. Og så gjev eg deltakarane ulike «invitasjonar», det kan vera å setja seg ved sida av eit tre og leggja kinnet mot borken, eller leita etter den minste organismen du kan finna eller berre liggja og sjå på skyene. Mellom kvar invitasjon samlast me i sirkel. Du får kontakt med naturen på ein heilt annan måte enn når du går ein vanleg tur. Det kan ikkje samanliknast. Det må opplevast. Etter tre timar med dette, så føler du deg kanskje som eit barn. Og så seier du: Kvifor gjer eg ikkje dette oftare? Det er jo her i naturen eg høyrer til. Og ofte finn folk løysingar på ting, ser verda på ein annan måte, frå ein annan vinkel.
– Du har ikkje tenkt å ta leiinga og styret i Helse Førde med på eit slikt bad i skogen? Dei kunne kanskje trenge det?
Her bryt Bente ut i latter.
–Ja du – det hadde kanskje vore noko. Men kan dei gå ut i skogen i dei fine dressane sine? Og kva med dei spisse skoa? Har dei andre klede? Eg veit ikkje, men kanskje …?
– Eg høyrer at du framleis er såpass engasjert at du ikkje klarer heilt å slutta vera oppteken av lokalsjukehussaka, eller?
– Så hjelp meg ut! Eg får seia sånn som eg seier når det er mammutsal i bokhandelen og dei bak disken spør om eg vil ha hjelp. Ja takk! Kan de hjelpa meg ut herifrå? Hjelp meg ut av sjukehusaktivismen! Frå spøk til alvor: Eg kjenner jo det at det hadde vore fint om andre kunne overta stafettpinnen, seier Bente, som rundar 70 til sommaren.
– Jens er 73, og dagane våre er meir enn fulle med oppgåver og alt me ikkje rekk. Mykje dårleg samvit. Me fleipar med at me gler oss til me blir pensjonistar og skal slappa av. Når ungane ringjer, og det gjer dei heldigvis ofte, både frå Oslo og Bergen, så får dei vanlegvis høyra at det er litt hektisk her nett no. Då ler dei godt, fordi dei veit at det neste eg seier er at det truleg blir rolegare neste veke. Ein av dei føreslo forresten nyleg ein artig tekst til gravsteinen min: «Det var litt hektisk, men no trur eg det roar seg» … No blir det ikkje nokon stein eller grav på meg. For eg har ordna med løyve til at både Jens og eg skal få oska etter oss strødd i fjellsida bak garden, når den tid kjem. Men teksten er jo så morosam at me kanskje skal revurdera saka? Av og til kan det vera rett å gjera om på eit vedtak, ikkje sant..?
(©NPK)