Forsiden

/ namn/ "Utanlandske spekulantar vil prøve å slå tilbake mot dei gamle visjonane om lokal makt over naturressursane."

/ namn/ "Utanlandske spekulantar vil prøve å slå tilbake mot dei gamle visjonane om lokal makt over naturressursane."

Forfattar Gunnar Grytås er aktuell med boka "Kraftkommunar flyttar ikkje til Sveits". Foto: Orkana Forlag

Forfattar Gunnar Grytås ventar ny vasskraftbølgje, men med nye spelereglar.

Vasskraftutbygginga tidleg på 1900-talet blei ein enorm revolusjon for Ola og Kari Nordmann, som tok imot utbygginga med opne armar. Liberaliseringa av kraftmarknaden trugar no den norske vasskraftmodellen, meiner forfattar.

– Eg trur EU vil presse på for meir vasskraftutbygging i Noreg i åra framover. Og denne gongen er det slett ikkje sikkert at det blir vertskommunane og det offentlege som vil sitje att med overskotet.

Det seier forfattar og journalist Gunnar Grytås til Nynorsk pressekontor. Han er i desse dagar aktuell med boka «Kraftkommunar flyttar ikkje til Sveits» der han systematisk går gjennom den norske vasskrafthistoria og trekkjer linjene fram til vår eiga tid.

Grytås skildrar korleis vasskrafta har bidrege til enorm verdiskaping mellom fjord og fjell – og som tittelen på boka òg insinuerer, legg vasskrafta pengane igjen her heime. Men kor lenge var Adam i Paradis?

– Utanlandske spekulantar vil prøve å slå tilbake mot dei gamle visjonane om lokal makt over naturressursane, seier Grytås.

Kraftrevolusjon

Etter unionsoppløysinga med Sverige i 1905 levde mange i Noreg relativt kummerleg og trongt. Straum til privat bruk var det få som hadde tilgang på, og mange lengta truleg etter meir komfort i kvardagen.

– Som nasjon var vi jævlig leie av å sitje med dårlege tran-lamper, vokslys og trekubbar for å drive hus og heim, handverksbedrifter og småindustri. Då vasskrafta kom førte ho elektrisiteten ut over landet. Det vart på mange måtar ein revolusjon, seier Grytås.

Vinteren 1906, like etter lausrivinga frå Sverige, blei det kjent at utanlandske investorar var interesserte i norske vassdrag – og spesielt fossane på Vestlandet som med sine spektakulære fall kunne gi mykje energi på kort tid. Grytås gir dåverande justisminister Johan Castberg mykje av æra for at vasskraftkapitalen ikkje forsvann ut av landet.

Harpefossen kraftverk i Sør-Fron kommune utnyttar eit fall på omtrent 34 meter i Gudbrandsdalslågen. Foto: Paul Kleiven / NTB/ NPK

– Castberg såg faren ved at Noreg skulle bli dominert av utanlandske kapitalistar og sette ein stoppar med den såkalla «Panikklova» i Stortinget 1906. Ei ny lov følgde eit par år seinare, og slik sikra han og Stortinget at krafta ikkje hamna i utanlandske hender. Lovverket var svært gjennomtenkt og kommunane heia på dette, fortel Grytås.

Frå vatn til vind

Med vasskrafta kom også utbreiinga av storindustrien med 30–40 nye kraftkrevjande industribyar i fjordar langs heile kysten frå Holmestrand til Kirkenes. Utover 1900-talet blei det med jamne mellomrom bygd vasskraftanlegg i stort monn over heile landet, men spesielt på Vestlandet der forholda var ekstra gunstige. Vertskommunane kom godt ut av det – og dei ekstra inntektene frå krafta hjelpte godt i tronge kommunebudsjett.

– Slik er det framleis. Heile 88 prosent av verdiane i vasskrafta ligg i det offentlege. Det kan endre seg ved at kommunane blir større, meir byorienterte og meir finansorienterte. Men så lenge staten, politikarane og partia er villige til å forsvare offentleg eigarskap har vi ein rimeleg god garanti for at dette skal halde fram med å vere ein nasjonal ressurs som vi som folk også har nytte og glede av.

Frå 1990 og utover vart norsk kraftpolitikk, til liks med andre delar av samfunnet meir liberalisert. Det gjorde mellom anna at vindkrafta, som etter kvart kom inn i nasjonale planar – ikkje fekk den same sikringa mot privat eigarskap, som det vasskrafta har.

– Det kom inn som resultat av eit EU-samarbeid der EU-land skulle finne seg ein samarbeidspartnar som ikkje var medlem av EU, og utvikle industrielle produkt – deriblant vindkraft. Sverige og Noreg gjekk inn i eit slikt samarbeid, og EU la planar for kor mykje kraft som skulle produserast i dei to landa. EU var villig til å støtte dette med titals milliardar av kroner. Slik blei det sett fart i vindkraftutbygginga i Noreg frå rundt 2006. Det var slett ikkje berre norske investorar i dei nye vindparkane, men i hovudsak blei dei kontrollerte av investorar som sat i skatteparadis i utlandet. Slik er det også no, konstaterer Grytås.

I motvind

I motsetning til den varme velkomsten vasskraftutbygginga fekk i si tid, har vindkraftutbyggingar møtt langt større motbør. Gunnar Grytås trur det kan vere fleire grunnar til det.

– Vindkrafta legg ikkje igjen like mykje verdiskaping som vasskrafta i landskapet der ho blir produsert. Så har du òg eit problem knytt til enkelte næringar – der vindkrafta går laus på livsgrunnlaget. Størst konflikt ser vi i høve til den samiske reindrifta. Her har kampen flytta seg frå Fosen til Finnmarksvidda med risiko for nye brot på menneskerettane, meiner Grytås.

Han peikar òg på desentraliseringa av vindkraftanlegga som eit mogleg problem.

– Vi ser at dei fleste anlegga blir bygde i distrikta – der dei ofte kjem i konflikt med natur og miljø. Kvifor kan ein ikkje legge fleire av anlegga til meir sentrale strøk? Vi ser veldig lite utbygging i nærleiken av byar og tettstadar. Det verkar uklart kvifor det er slik.

Ei ny modell for vasskrafta?

Sidan 1990-talet har det vore relativt lite vasskraftutbygging i Noreg. I denne perioden har nye kraftverk som har komme til stort sett vore småkraftverk. No trur Grytås vi igjen kan få ei bølgje med utbygging. Delvis som resultat av at vindkrafta møter massiv motstand.

– Det er opplagt at EU har stor interesse av vasskrafta vår fordi den gir fleksibilitet. Det kan lagrast vatn i ein viss periode av året, og ein er ikkje så avhengig av at det er vind som skal leggje seg eller blåse opp for at ein skal få produksjonen i gang. Nye vasskraftanlegg kan bli omstridde, men kanskje har folk blitt så opptekne av billig energi at det går fint, seier Grytås.

Om vasskraftutbygginga framover vil gi like mykje tilbake til vertskommunane som før i tida er han derimot usikker på.

– Det er eit interessant spørsmål. Så vidt eg veit er vasskraftregimet i hovudsak styrt etter dei same prinsippa som før i tida. Det vil opplagt bli ein kamp frå lokalsamfunn og kommunar om det blir foreslått å endre på modellen, og i større grad føre ressursane bort frå lokalsamfunna, seier Gunnar Grytås.

Han ser for seg ein mogleg, norsk søknad om EU-medlemskap i nær framtid – og at det kan endre spelereglane i kraftpolitikken.

– Der vil det bli kravd at Noreg må rette seg etter energipolitikken til unionen. For EU er verneplanen frå 1995 med knapt 400 vassdrag ein katalog over ny tilgang på verdifull vasskraft. Etter 120 års venting kan dei utanlandske fossespekulantane få slå tilbake mot «castbergske» visjonar om lokal makt over naturressursar og offentleg eigarskap, avsluttar Gunnar Grytås.

(©NPK)