Forsiden

/ namn / “Eg trudde vi hadde nådd eit metningspunkt, men veksten har vore enorm”

Arendalsveke-generalen Harald Stanghelle: Ny rekord for demokratifestivalen 

Etter å ha lagt siste hand på hovudprogrammet for Arendalsveka 2025, dreg Harald Stanghelle til Grønland. – No eller aldri, seier Stanghelle om å velgje bort samfunnsdebattar i Arendal for ei reise til verdas største og etterkvart kanskje mest omstridte øy. 

ENORM VEKST 

Sidan 2018 har Harald Stanghelle vore ein sentral aktør i Arendalsveka, etter at han vart spurt om å tre inn i hovudprogramkomiteen. Det skjedde etter den brå bortgangen til Stein Gauslå, redaktør i Agderposten og ein av initiativtakarane til demokratifestivalen. 

– Då eg kom inn, var det omtrent halvparten så mange arrangement som i dag. Eg trudde vi hadde nådd eit metningspunkt, men veksten har vore enorm, seier Stanghelle i eit intervju med Nynorsk Pressekontor og Fretta.no. 

Om årets fråver til fordel for Grønland seier Stanghelle til programavisa for Arendalsveka: – Fleire gonger er eg blitt spurt om å være foredragshaldar på organiserte turar til Grønland. I år fann eg ut at det var no eller aldri, difor takka eg ja, sjølv om det kolliderer med Arendalsveka.

FRÅ 50 TIL 2300 ARRANGEMENT 

Sjefredaktør Jan Inge Fardal i Nynorsk Pressekontor intervjua Stanghelle under Arendalsveka i 2024, sjå opptak frå heile intervjuet her, der han greia ut om den sterke veksten for det han kallar demokratifestivalen. Stanghelle omtaler Arendalsveka som eit usemjefellesskap, som skal inspirere til mindre polarisering og hatsk retorikk. 

Den første Arendalsveka i 2012 hadde 50 arrangement. I 2025 er talet over 2300. Stanghelle meiner eit viktig grep har vore å etablere eit hovudprogram som gir struktur og breidde, og som sikrar at dei viktigaste temaa får plass på den store scenen i kulturhuset. 

– Det trekkjer til seg leiande politikarar, samfunnsdebattantar og internasjonale deltakarar. Ein tysk deltakar sa til meg at dei har ingenting liknande i Tyskland, fortel han. 

BUSTAD OG FOTBALL 

Til hovudprogrammet for årets Arendalsveka kom det over 100 innspel før fristen som var 1. desember. Hovedprogramkomiteen har landa på 30 ulike tema, som spenner frå internasjonal politikk, bustadpolitikk til fotballen si betydning for nasjonen. 

Stanghelle peikar på at Arendalsveka dyrkar eit ueiningsfellesskap – eit rom der folk kan vere usamde, men likevel møtast og diskutere samfunnsutviklinga. 

– I nokre land, som USA, har ein ikkje lenger politiske motstandarar, berre fiendar. Her i Arendal prøver vi å skape ein felles grunn for samtale, seier han. 

Arendalsveka har røter i den svenske Almedalsväckan, som har vore arrangert på Gotland i over 50 år. Liknande festivalar finst også i Danmark, Estland og no Ukraina, som i fjor deltok i Arendal for første gong. 

FRIVILJUGE ER STØRST 

Den største gruppa aktørar på Arendalsveka er dei frivillige organisasjonane og interessegruppene. I år deltek 675 organisasjonar. 

– Dei representerer hundretusenvis av menneske over heile landet. Det er kanskje den viktigaste gruppa her, seier Stanghelle. 

Partileiardebatten under Arendalsveka markerer innspurten på den årets valgkamp, og det er eit årvisst høgdepunkt i samarbeid mellom arrangøren og NRK. 

Stanghelle har også som regel rolla som programleiar for samtalar i bakgården – ein arena som har blitt ein institusjon.  

– Det er inspirerande å finne rett samansetjing av paneldeltakarar. Det er hovudprogramkomiteen som står for dette arbeidet, heilt uavhengig av både kommune og eigarar, understrekar Harald Stanghelle. 

GRØNLAND NESTE? 

Og til programavisa for årets Arendalsveke utdjupar han Grønlands-fråveret under sjølve veka: – Som ung budde eg eit år på Grønland, men har aldri vore attende sidan. Eg har ønskt det, men det har aldri passa, seier Stanghelle og har fått forståelse for fråveret av dei andre i leiinga av Arendalsveka. 

Turen er i regi av Fotefar temareiser og varer i drøye to veker.  Om Stanghelle vil inspirere til ein demokratifestival-avleggar på verdas største, og i det siste mykje omtale og tildels omstridte øy, står att å sjå. 

Dette er hovudprogrammet for Arendalsveka 2025.