Forsiden

/ namn / "Mykje av det eg skriv handlar om mørket, men også om forsøket på å leite fram lyset i mørket."

/ namn / "Mykje av det eg skriv handlar om mørket, men også om forsøket på å leite fram lyset i mørket."

Grasallergi og skrivelyst drog Brynjulf Jung Tjønn bort frå gardslivet. Etter mange år utan særleg merksemd er det no stor interesse rundt forfattarskapen hans. Foto: Peder Skjelten / NPK

Festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønnn valde å skrive, gardbrukarlivet vart sett på vent.

Brynjulf Jung Tjønn voks opp som adoptivbarn og odelsgut – men grasallergi og skrivelyst drog han i ei heilt anna retning. Etter over tjue år som forfattar, har han fått gjennombrotet.

– Eg har vore forfattar i 24 år, og i 20 av dei var eg van med å ikkje få merksemd i det heile. Eg skreiv og gav ut bøker som fekk nokre få omtalar, og eg blei nesten aldri invitert til litteraturfestivalar, fortel Brynjulf Jung Tjønn til Nynorsk pressekontor.

Han var eigentleg meint for eit liv på gard i bygda Feios i Sogn. Adoptivbarnet frå Sør-Korea voks opp med odel til garden, men med allergi mot gras og draumar om å skrive blei det tidleg klart at han kom til å gå ein annan veg enn den som var etla til han.

– Då eg var ung, ville eg berre vekk så fort som mogleg. Å halde på dialekten og skrive nynorsk var ikkje så viktig for meg då, seier Jung Tjønn.

Han flytta til Oslo, arbeidde som journalist og byrja å skrive på bokmål i håp om å nå fram som forfattar.

Han fortel at overgangen til bokmål òg handla om identitet.

– Eg tenkte at dersom eg skulle kunne leve av skrivinga, måtte eg kanskje uttrykkje meg på bokmål. Men eg oppdaga at det blei mykje dårlegare og mista mykje av særpreget og identiteten i tekstane mine.

Gjennombrotet

Brynjulf Jung Tjønn debuterte som forfattar i 2002 med romanen «Eg kom for å elske», og sidan har han gitt ut ei rekkje romanar, barnebøker, ungdomsbøker og dikt. Han fekk Brageprisen i 2013 for ungdomsboka «Så vakker du er», seinare kom romanar som «Kinamann» og «Kvar dag skal vi vere så modige», sistnemnde fekk han P2 Lytternes romanpris for i 2021.

Jung Tjønn fortel at han lenge slo seg til ro med tanken om at forfattarskapen kom til å vere noko han gjorde ved sida av ein vanleg jobb.

Likevel var det med diktsamlinga « Kvit, norsk mann» i 2022 at han for alvor nådde ut til eit breiare publikum og fekk gjennombrotet sitt. Samlinga tek utgangspunkt i eigne erfaringar som adoptivbarn og handlar om rasisme, norskheit og sårbar identitet.

Dei to siste åra har han jobba som forfattar på fulltid. Tidlegare har han jobba som journalist i VG og NRK, og som forlagsredaktør i Samlaget. Han har òg vore leiar i Den norske Forfatterforening.

Han seier det er få som kan leve av å vere fulltidsforfattar i Noreg.

– Dei fleste sel eigentleg ingenting. Mange må håpar på stipend, men må ha ein jobb ved sida av og skrive på fritida.

Om å finne lys i mørket

Brynjulf Jung Tjønn synest overgangen frå å vere ein relativt anonym forfattar til å bli mykje lesen og invitert til store arrangement har vore stor.

– Det er ein enorm forskjell. Eg gjekk frå å gjere ingen intervju og få ingen invitasjonar til å få masse oppdrag. Plutseleg kunne eg leve av det, og det er veldig spesielt.

I juni er Jung Tjønn festspeldiktar for Festspela i Aasen-tunet i Ørsta. Temaet for årets arrangement er «Lys og mørke».

– Det oppsummerer mykje av forfattarskapen min, særleg slik eg skreiv før «Kvit, norsk mann» og «Norsk kjærleik» (2024). 

Han meiner festivaltemaet passar godt til tida vi lever i.

– Det er mykje mørke rundt oss, og då treng vi òg lyset.

(©NPK)