Forsiden

/ aktuelt / "Vi har ikkje tidlegare sett ei regjering vere avhengige av fire parti i tillegg til seg sjølve for å få vedteke eit budsjett."

/ aktuelt / "Vi har ikkje tidlegare sett ei regjering vere avhengige av fire parti i tillegg til seg sjølve for å få vedteke eit budsjett."

Jonas Gahr Støre møter utfordringar ingen annan statsminister har hatt før han. Det er heilt unikt å vere avhengig av fire parti i tillegg til sitt eige, påpeikar valforskar. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Valforskar om det nye Stortinget: Senterpartiet vil møte ein tøffare Støre enn sist

 

Senterpartiet har gått kraftig tilbake, men vil framleis ha ei nøkkelrolle i Stortinget, ifølgje valforskarar. Det blir ikkje lett verken for Sp eller Ap. Det er analysen frå fleire valkunnige.

Spørsmålet er korleis forholdet mellom Sp og Arbeidarpartiet utviklar seg – og kor tøft Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil gå til verks denne gongen. Valnatta antyda partileiar Trygve Slagsvold Vedum at partiet vil stå friare og utnytte vippeposisjonen sin.

– Senterpartiet vil gjere alt for å slåst for sine eigne interesser. Dei køyrer ei Frp-linje, tek ingen for laget og vil vere urokråker. Men dei møter eit heilt anna, tøffare og større Arbeidarparti enn sist, seier valforskar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger til NTB.

Løftar neppe Listhaug til makta

Det ligg an til ein maktkamp om Senterpartiet skal gå mot blått eller raudt. Men Tuastad trur det sit langt inne å gå over på blå side. Han peikar samtidig på at erfaringane frå førre regjeringsperiode var alt anna enn gode.

– Støre står friare, han har vunne valet og vil byggje arven etter seg. Han er ein svært dyktig forhandlar og kan setje ting på spissen. I verste fall kan han la Senterpartiet få svarteper om dei veltar regjeringa. Då blir spørsmålet: Skal Sylvi Listhaug berast inn på trona av Senterpartiet, seier Tuastad.

Unikt å vere avhengig av fire parti

Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning understrekar at Senterpartiet framleis har ei nøkkelrolle i norsk politikk sjølv om oppslutninga er halvert.

– Dei har meir makt enn stemmetalet skulle tilseie, fordi Arbeidarpartiet er avhengig av dei for å få budsjettet på plass. Men dei er mindre viktige enn sist, fordi Ap no har fleire partnarar å spele på, seier Bergh til NTB.

No må Støre halde styr på fire parti for å få fleirtal.

– Det er ein heilt unik situasjon. Vi har ikkje tidlegare sett ei regjering vere avhengige av fire parti i tillegg til seg sjølve for å få vedteke eit budsjett. Det verkar veldig krevjande, seier Johannes Bergh.

– Kan ikkje ta Senterpartiet for gitt

Jørgen Bølstad frå Universitetet i Bergen minner om at Sp framleis kan hamne i ein vippeposisjon.

– Når Vedum antydar ei friare rolle, er det eit signal om at ein ikkje kan ta Senterpartiet for gitt. Dei er eit parti som kan samarbeide begge vegar. Budsjettforhandlingane blir likevel krevjande, for der må Ap nok sjå til venstresida, seier Bølstad til NTB.

Bølstad peikar på klima og miljø som eit område der Sp kan markere seg tydeleg mot dei raudgrøne partnarane sine.

– Når det gjeld klima og miljø, ligg Senterpartiet eit godt stykke unna MDG, SV og Raudt. Der er dei nærare Høgre enn samarbeidspartnarane sine. Det kan bli eit av dei mest betente temaa, seier han.

– Held oppslutninga frå kommunevalet

Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforskning meiner Sp har konsolidert seg tilbake til kjerneveljarane, snarare enn å ha tapt alt.

– Dei kan ikkje stå i skuggen av andre om dei skal klare seg. Sjølv om dei har gått mykje tilbake sidan 2021, ligg dei omtrent på same nivå som ved lokalvalet i 2023. No må dei balansere mellom å vere støtteparti for ei regjering og samtidig markere seg som eige parti, seier Segaard til NTB.

Ho meiner heller ikkje at Støres situasjon nødvendigvis er så håplaus som enkelte har spådd.

– Alle seier at situasjonen blir svært krevjande for Støre, og det blir han. Men vi må ikkje gløyme at MDG no også er støtteparti. Det kan trekkje politikken meir mot midten, der Ap på fleire område står nær Høgre. Sjølv om Raudt kan bli ein vanskeleg faktor, er det mykje som tyder på at Arbeidarpartiet vil utnytte rommet til å føre meir politikk over midten, seier Signe Bock Segaard til NTB.

Trøytt og glad

Ein trøytt, men glad statsminister møtte pressa tysdag morgon etter valsigeren måndag. Han skal snakke med dei andre partia i tur og orden denne veka.

– Dei fire nye åra har starta med lite søvn, men det kjennest veldig bra, sa Støre til pressa tysdag morgon.

På spørsmål frå NTB om korleis forhandlingane og samarbeidet med dei raudgrøne partia framover blir, svarte han:

– Utgangspunktet er at sånn er demokratiet. For å komme til fleirtal, så må du ha med fleire, og det er jo eigentleg ikkje noko rakettvitskap å seie det sånn. Så då må vi jobbe, då.

Lyttar med respekt

– Eg har jobba med å finne løysingar, eg har aldri bestemt åleine nokon gong. Ikkje i min eigen familie, og ikkje i politikken heller. Så eg har litt erfaringar rundt det. Lytte, ha respekt for kvarandre, og så skal dei andre ha respekt for oss òg. Vi er det største partiet, sa han.

– Det kjem til å komme tusen forhandlingar framover. Det er ikkje slik at vi skal bli samde om tre ting og så er vi ferdige med dét. Det skal finnast løysingar heile vegen. Derfor må dei som skal ha med kvarandre å gjere, kunne stole på kvarandre

Han sa han kjem til å ta kontakt med dei andre partia i dagane som kjem, for å finne ut av det praktiske.

– I dag trur eg dei fleste partia samanfattar for seg sjølve. Vi har sentralstyremøte, vi har oppsummeringar. Eg må også på kontoret, for eg har jobb å gjere der. Og så har eg sagt at eg vil ta kontakt med dei partia som har peika på Arbeidarpartiet. 

Fakta om topp og botn

Her kan du plusse på med nokre fakta om partia sine beste og verste valdistrikt:

* Arbeidarpartiet fekk størst oppslutning i Nord-Trøndelag med 36,6 prosent, lågast i Vest-Agder med 22,9 prosent.

* Framstegspartiet fekk størst oppslutning i Møre og Romsdal med 32,5 prosent, lågast i Oslo med 14,3 prosent.

* Høgre fekk størst oppslutning i Akershus med 19,5 prosent, lågast i Finnmark med 5,8 prosent.

* Senterpartiet fekk størst oppslutning i Sogn og Fjordane med 16,4 prosent, lågast i Oslo med 0,7 prosent.

* SV fekk størst oppslutning i Oslo med 10,7 prosent, lågast i Rogaland med 3,6 prosent.

* Raudt fekk størst oppslutning i Finnmark med 9,8 prosent, lågast i Møre og Romsdal med 3,4 prosent.

* MDG fekk størst oppslutning i Oslo med 10,3 prosent, lågast i Finnmark med 2,0 prosent.

* KrF fekk størst oppslutning i Vest-Agder med 13 prosent, lågast i Oslo med 2,1 prosent.

* Venstre fekk størst oppslutning i Oslo med 7,2 prosent, lågast i Finnmark med 1,2 prosent.

Kjelde: Valdirektoratet, NTB (©NPK)