Forsiden
04.12.2025 09:20
Finanstilsynet åtvarar: Aukande konkursfare i eigedomsutvikling
Finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud slår alarm om utviklinga i eigedomsmarknaden. Nye analyser viser at risikoen for konkurs blant eigedomsutviklingsselskap har auka merkbart, noko som kan få store konsekvensar for norske bankar.
– Våre analyser viser at risikoen innan eigedomsutvikling har auka. Utlån til denne næringa utgjer ein betydeleg del av norske bankar si bedriftsportefølje, seier Kongsrud. Han peikar på at mange eigedomsselskap har svak betalingsevne, og enkelte bankar har alt registrert store utlånstap.
Kongsrud greia ut om utfordringane for norske bankar i fiansielt utsyn, eit fagseminar i regi av Finanstilsynet.
Ifølgje Kongsrud ligg ein aukande del av gjelda i selskap med høg konkursrisiko. Dette skjer samstundes som hushaldningane framleis har historisk høg gjeldsbelastning, og belåningsgraden for nye bustadlån har stige til nær maksgrensa i utlånsforskrifta.
Kongsrud åtvarar om at erfaringar frå tidlegare kriser viser kor krevjande det kan vere å handtere hendingar som blir forsterka av ubalansar i eigen økonomi. Høg gjeldsbelastning og belåningsgrad aukar risikoen for både låntakar og långivar, understrekar han.
Trass i at norske bankar er solide og lønsame, meiner Finanstilsynet at den aukande risikoen i eigedomsutvikling kan bli ei utfordring dersom marknaden snur:
– Bankane si evne til å bere tap og yte nye lån også i nedgangstider er avhengig av tilstrekkeleg eigenkapital, seier Kongsrud.
Den generelle økonomiske veksten har halde seg oppe så langt i 2025, men geopolitiske spenningar, auka handelsbarrierar og høg verdsetjing av aksjar og eigedom gir eit urovekkjande bakteppe. Finanstilsynet peikar òg på nye sårbarheiter knytt til kryptomarknaden og digital tryggleik.