Forsiden

/ mat / "Me har fått tydelege – og urovekkjande – signal frå marknadsregulator om overskotet av sauekjøt"

/ mat / "Me har fått tydelege – og urovekkjande – signal frå marknadsregulator om overskotet av sauekjøt"

No bognar butikkane av lammekjøt. Sauekjøt er det vanskelegare å få tak i. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

950 tonn sauekjøt på fryselager: Dalegvarekjedene bremsar innkjøpa

 

Medan nordmenn slåst om å få lammekjøt til fårikålgryta, fyllest fryselagera opp av sauekjøt ingen vil ha. Bondelaget meiner daglegvarekjedene må ta større ansvar, men NorgesGruppen kjem ikkje til å kjøpe meir sauekjøt neste år.

– Den siste prognosen som kom ut no i september, seier at me vil ha eit overskot på om lag 100 tonn sauekjøt i år. Samla vil det vera 950 tonn sauekjøt på reguleringslager ved utgangen av året, seier Hilde-Kari Skarstein til Nynorsk pressekontor.

Skarstein er marknadssjef i Norsk egg- og kjøttråvare (NOEK), som har det operative ansvaret for marknadsreguleringa av kjøt og egg i Nortura.

I prognosane sine dei siste åra har NOEK vore tydeleg på at det jamt over er eit overskot av sau og underdekning av lam – og at dette heng naturleg saman. Sauekjøtet som no ligg på såkalla reguleringslager tilsvarar nær ein firedel av årsproduksjonen. Sjølv om noko av sauekjøtet er blitt henta ut frå fryselagera dei siste månadene, er det også parallelt blitt fryst inn meir.

Pris som verktøy

For å auke interessa for sauekjøtet, har Nortura redusert engrosprisen med rundt 10 prosent dei siste par åra. I praksis betyr det at engrosprisen for sau frå 22. september i år har lege på frå 28,20 til 44,90 kroner kiloen, avhengig av klasse og om kjøtet er levert i eit overskots- eller underskotsdistrikt. For lam er tilsvarande engrospris frå 55,10 til 95,90 kroner per kilo.

– Pris er eitt av verktøya marknadsregulator har for å balansere tilbod og etterspørsel, og ettersom me har ein del sau på reguleringslager, er reduksjon av engrosprisen eit naudsynt tiltak. Samtidig er etterspurnaden etter sau framleis låg, seier Skarstein.

– Frå 1. januar 2026 må lammet både vera av ein viss storleik og kvalitet for å utløyse maks tilskot. Det vil kunne stimulere til å ha rasar som både gir fleire og større lam, seier Bodhild Fjelltveit. Foto: Norges Bondelag

Det uroar Bodhild Fjelltveit, sauebonde og 1. nestleiar i Norges Bondelag:

– Me har fått tydelege – og urovekkjande – signal frå marknadsregulator om overskotet av sauekjøt og at det er ein krevjande situasjon.

– Me forventar at marknadsregulator gjer det dei kan for å få selt sauekjøtet. Men me får ofte rapportar om at det ikkje finst sauekjøt i butikken, så her har også daglegvarehandelen eit ansvar for å gjere kjøtet tilgjengeleg for forbrukar. Eg trur særleg denne delen av verdikjeda har meir å gå på. Butikkane sit med mykje makt, seier Fjelltveit til Nynorsk pressekontor.

Hilde-Kari Skarstein i NOEK stadfestar langt på veg det:

– I industrien generelt er interessa etter ung sau på forsyningsplikta god, og det som er tilgjengeleg blir selt. Det er etterspørselen etter sau som er låg.

Kjøper ikkje meir

Ifølgje Bård Gultvedt, som er direktør for næringspolitikk og myndigheitskontakt i NorgesGruppen, har selskapet frå september i fjor til september i år kjøpt og selt i underkant av 400 tonn sauekjøt.

Sal av lammekjøt kjem altså i tillegg.

– Sau appellerer til den vaksne delen av befolkninga. Dei yngre har dessverre noko mindre interesse. Generelt vil eg karakterisere interessa for sauekjøt som moderat, seier Gultvedt.

Sjølv om reguleringslagera er venta å bli fylt opp, kjem ikkje Norgesgruppen til å kjøpe inn meir sauekjøt neste år enn dei har gjort i år.

Ifølgje Gultvedt vil innkjøpsvolumet bli det same.

– NorgesGruppen er positiv til å bidra til balanse mellom kjøtslaga, men me har ikkje motteke nokon konkrete førespurnader på sau frå industrien no.

Det meste av sauekjøtet hjå NorgesGruppen inngår i prosesserte produkt som ulikt pålegg, spekepølser og Vossakorv. Gultvedt seier dei ikkje har oppdaterte tal på kor mykje som samla blir selt som reint eller ferskt sauekjøt, slik som til dømes fårikålkjøt, pinnekjøt, fenalår og fårefilet.

NPK får heller ikkje fjorårets tal:

– Fårikål er størst med 133 tonn. Det er også noko ferskt sauekjøt i somme supermarknader.

Utanlandsk inspirasjon

Bodhild Fjelltveit i Bondelaget understrekar at dagens sauebønder har teke stort ansvar for ubalansen mellom sauekjøt og lam i marknaden, og at dei er langt meir marknadstilpassa no enn før. I den nye jordbruksavtalen er det også teke grep som kan redusere talet på søyer:

– Frå 1. januar 2026 må lammet både vera av ein viss storleik og kvalitet for å utløyse maks tilskot. Det vil kunne stimulere til å ha rasar som både gir fleire og større lam, seier Bodhild Fjelltveit.

Samstundes vil det truleg alltid vera eit visst overskot av sau på marknaden. Det må også me som forbrukarar vera medvitne om, meiner Fjelltveit:

– Å få sauekjøtet ut i butikken er ein vesentleg stad å starte. Og når det er skikkeleg på plass, må me få nordmenn til å eta kjøtet. Somme meiner sauekjøtet er sterkare på smak enn lam, men det handlar mykje om krydder og tillaginga av kjøtet. Der har me mykje å lære av mellom anna innvandrarbefolkninga. Eg har stor tru på at både dei og til dømes Norges Bygdekvinnelag kan vise oss nye måtar å bruke sauekjøt på.

(©NPK)