Forsiden
Brenna blir tuttifrutti-general på Stortinget: – Eit uttrykk for tillit, seier statsministeren.
Det er naturleg at Aps partileiing er representert både i storting og regjering, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Ap-nestleiar Tonje Brenna har bytt plass med Bjørnar Skjæran. Ho overtek rolla hans som parlamentarisk leiar på Stortinget, medan Skjæran blir ny kommunalminister etter Kjersti Stenseng, som går inn i Brennas tidlegare jobb som arbeids- og inkluderingsminister.
Endringane vart kjende etter eit ekstraordinært statsråd tysdag 16. september 2025.
Brenna har vore statsråd dei siste fire åra – først som kunnskapsminister og deretter som arbeids- og inkluderingsminister. 36-åringen har til no inga erfaring som stortingsrepresentant, men vart vald inn i år for Akershus.
På ein pressekonferanse etter at statsrådsskriftet var stadfesta, grunngav Støre bytte slik:
– Det er eit uttrykk for tillit. Det er eit gjennomtenkt val. Det er naturleg og rett at partileiinga er representert i både storting og regjering, og det å ha ein av nestleiarane i Stortinget, gir ein god balanse. Då er eg trygg på at vi greier å handtere sakene her og no.
I rolla som Aps parlamentariske leiar blir Brennas viktigaste jobb å sikre fleirtal for politikken til Støre-regjeringa med dei såkalla tuttifrutti-partia i Stortinget: SV, Sp, Raudt og MDG.
Venstresida vann valet for vel ei veke sidan, men er svekt sidan førre val. Som ei rein Ap-regjering er Støre heilt avhengig av støtte frå dei fire andre partia for å danne fleirtal for statsbudsjettet sitt.
Støre påpeikar at oppgåva blir å møte eit storting som er annleis skrudd saman enn før. På spørsmål om han med dette sender Brenna på «statsministerskulen», svarer han:
– Å ha erfaring frå ulike vinklar er veldig viktig. Å byggje erfaring kjem alltid godt med.
– Eg veit at vi får ein dyktig, erfaren politikar som parlamentarisk leiar. Ho har gjort ein god del av dei oppgåvene – å rekke ut til andre parti, finne løysingar – også i si tid i Viken. Og det arbeidet ho også har gjort når ho har vore i regjering med dei fagområda. Og då blir det bygd erfaring, og det kjem alltid godt med, seier Støre, som samtidig understrekar at Brenna er likestilt med Aps andre nestleiar Jan Christian Vestre.
Vestre blir regjeringa sin nummer to, som vil vere avløysar for Støre i hans fråvær.