Forsiden
07.10.2025 16:18
Politikarane jaktar tidlege veljarar: Nye stemmevanar endrar demokratiet.
47 prosent av nordmennene stemde på førehand til stortingsvalet i år. Det tvingar partia til å starte valkampen tidlegare. Forskaren meiner likevel at dei usikre veljarane ventar til slutten.
Andelen som førehandsstemmer har stige gradvis i fleire tiår, og skaut i vêret under pandemien i 2021. Då stemde heile 45 prosent på førehand – 1,648 millionar stemmer – ein auke frå 29 prosent i 2017. Til stortingsvalet i år var det 1,9 millionar nordmenn som førehandsstemte. Det svarer til 47,1 prosent av alle stemmeføre, ifølgje tal frå Valdirektoratet.
– Politikarane har no færre veljarar å nå ut til mot slutten av valkampen, seier Jo Saglie, forskar ved Institutt for samfunnsforskning til Nynorsk pressekontor.
Men Saglie peikar på at dei som stemmer på valdagen, eller mot slutten av førehandsstemmeperioden, truleg er dei mest usikre veljarane. Fredag 5. september, som var siste dag for å førehandsstemme, vart det gitt heile 201.000 stemmer – og det var også den dagen med flest førehandsstemmer.
– Det kan vere at dei som stemmer på valdagen er dei personane som partia har størst sjanse til å overtyde. Dei som stemmer tidleg er truleg meir sikre i si sak, medan dei usikre ventar til nærare valdagen, seier Saglie.
Partisekretær Kari-Anne Opsal i Arbeidarpartiet seier dei har merka seg auken førehandsstemmer, og gjorde endringar for å tilpasse seg dette allereie i år.
– Vi starta valkampen tidlegare enn før. For nokre byrja valkampen allereie frå nyttår, men for dei fleste byrja han før sommaren, så blei det ein intensiv valkamp etter sommaren, seier Opsal til Nynorsk pressekontor.
Generalsekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug, skriv i ein e-post at det har vore ein klar tendens gjennom dei siste valkampane at andelen førehandsstemmer aukar.
– Også i 2021-valet vart over halvparten av stemmene gitt før valdagen. Vi har derfor vore førebudde på at mange kom til å stemme tidleg, og la opp valkampen vår etter det. Høgre har hatt høg kampanjeaktivitet frå landsmøtet i mars og fram til valdagen.
Denne utviklinga fører i praksis til at valkampane startar tidlegare, og varer lengre, skriv Skaug i Høgre.
– Samtidig viser valforskinga at mange bestemmer seg seint, og omtrent 10 prosent på sjølve valdagen. Med jamne val blir det derfor viktig å halde trykket oppe heilt til vallokala stenger.
Valforskar Jo Saglie meiner likevel vi ikkje nødvendigvis vil sjå at politikarar i framtidige valkampar byrjar tidlegare for å nå ut til dei som førehandsstemmer tidleg. Kalenderen set allereie grenser for kor mykje valkampen kan endrast.
– Mellom Stortinget tek slutt og valdagen er det ein lang sommarferie der det er vanskeleg å drive valkamp. I staden blir valkampen pressa inn i eit kort tidsrom i august, seier han.
Meir enn talet på førehandsstemmer, er det to andre ting Opsal seier dei i Arbeidarpartiet har merkt seg frå årets val.
– Det første er pengebidraga, kvar dei kjem frå og kva betyding dei har. Dette skulle vi ønskt det var meir openheit om. Det andre er at det er mykje informasjon som kjem frå ikkje-redaktørstyrte medium, men som prøver å framstå som redaktørstyrte medium, seier ho.
Opsal seier dei ser den digitale valkampen har fått større verdi, med å vere på riktige plattformer og å byggje profilar over tid. Likevel skal ikkje det gå på kostnad av den «gamle» måten å drive valkamp på.
– Vi gjorde endringar til årets valkamp og hadde vår største digitale valkamp nokon gong. Men den norske befolkninga er samansett og demografien endrar seg til at vi blir fleire eldre. Å møte veljarane ansikt-til-ansikt er framleis viktig for å byggje truverd. Men utviklinga skjer kontinuerleg, og står ein i ro blir ein fråsprungen, seier Kari-Anne Opsal.