Forsiden

/ natur / "Den ekstreme generasjonstida gjer at håkjerringbestanden vil bruke svært lang tid å byggje seg opp igjen."

/ natur / "Den ekstreme generasjonstida gjer at håkjerringbestanden vil bruke svært lang tid å byggje seg opp igjen."

Målretta fritidsfiske av håkjerring er marginalt i Noreg. Likevel foreslår forskarane registreringsplikt og tettare samarbeid mellom forskarar og stongfiskarar for å få ned døyelegheita. Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Forskarar tilrår redusert fangst av håkjerring: Samarbeid for å få ned døyelegheita.

Målretta fritidsfiske av håkjerring er marginalt i Noreg. Likevel foreslår forskarane registreringsplikt og tettare samarbeid mellom forskarar og stongfiskarar for å få ned døyelegheita.

– Rekreasjonsfiske med stong etter håkjerring skjer i liten skala i Noreg. Det kan påverke ein sårbar bestand dersom det blir meir populært og fisken ikkje blir handtert på ein skånsam måte, seier havforskar Aurélien Delaval ved Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Instituttet tilrår generelt å redusere fangst og dødelegheit av håkjerring til eit minimum.

– Utvalde stongfiskarar har allereie delteke i merkeforsøk, noko som gir verdifulle data om arten. Dette er ein positiv måte å involvere dei på, seier Delaval.

Håkjerringa kan bli opptil sju meter lang, over 1000 kilo og fleire hundre år gammal. Hoene blir truleg ikkje kjønnsmodne før dei er over 100 år gamle.

– Den ekstreme generasjonstida gjer at håkjerringbestanden vil bruke svært lang tid å byggje seg opp igjen, seier Delaval.

Dermed kan sjølv ein liten auke i fiskedød ha noko å seie for bestanden.

Håkjerring er giftig og farleg å ete i fersk tilstand grunna høgt innhald av urinstoff som blir omdanna til ammoniakk. Om ein et kjøtet utan at det er behandla på rett måte kan ein bli det ein kallar for «haifull» – ein rus som liknar den ein får av alkohol.

(©NPK)