Forsiden

/ natur / "Pukkellaksyngelen var nesten dobbelt så stor som oppdrettsyngelen på same alder."

/ natur / "Pukkellaksyngelen var nesten dobbelt så stor som oppdrettsyngelen på same alder."

Vill kjønnsmoden ho-pukkellaks fanga i fiskefella i Etne i Sunnhordland. Foto: Pauline Paolantonacci / Havforskingsinstituttet

Ein av eigenskapane til den uønskte og utskjelte pukkellaksen er at han veks veldig fort.

På forskingsstasjonen til Havforskingsinstituttet (HI) i Matre nord for Bergen har forskarane eigne stamfiskar av pukkellaks. Her gjennomfører dei ulike forsøk for å lære meir om arten.

– Vi veit lite om korleis pukkellaksen påverkar villaks i elvane. Sidan 2023 har vi forska på denne laksen under kontrollerte forhold. Det er viktig å lære meir om pukkellaksen som art og korleis han skil seg frå dei lokale laksefiskane våre, seier havforskar Monica Solberg i ein artikkel på HI sine nettsider.

Ho fortel at dei samanlikna pukkellaks med oppdrettslaks som vart brukt som kontrollgruppe.

– Heilt frå starten voks pukkellaksen mykje raskare enn oppdrettslaksen. Etter berre fire månader var forskjellen tydeleg, pukkellaksyngelen var nesten dobbelt så stor som oppdrettsyngelen på same alder, legg Solberg til.

Oppdrettslaksen har blitt avla i over 50 år for å vekse raskt, men likevel veks pukkellaksen endå fortare utan avlshjelp.

Sidan 2017 har det vore mykje pukkellaks i norske elvar annakvart år. For å hindre pukkellaksen i å symje opp i elvane, er det teke i bruk ulike metodar for å få han fjerna. Likevel er det fanga store mengder hittil i 2025, og det er framleis stort behov for kunnskap, både og arten og om effekten av tiltaka. (©NPK)