Forsiden
30.06.2025 16:14
Beitedyr, spesielt storfe, har påverka plantemangfaldet i Alpane meir enn tidlegare trudd, ifølgje ny studie frå Universitetet i Tromsø.
Forskarane har identifisert 603 planteartar og fleire ville og tamme pattedyr. Dette har dei gjort ved hjelp av ein database og avansert analyse av eldgammalt DNA frå 14 innsjøar i Alpane. Det skriv Universitetet i Tromsø på nettsidene sine.
Funna i studien viser at menneskeleg aktivitet, særleg beiting frå husdyr, har hatt stor innverknad på biomangfaldet dei siste 5000 åra. Ifølgje analysane har særleg sau og storfe spelt ei avgjerande rolle i å halde oppe artsmangfaldet i fjellområda.
– Dei har fremja ei rikare blanding av blomstrande plantar og grasartar, seier Inger Greve Alsos, forskingsleiar og professor i biologi på Noregs arktiske universitetsmuesum.
Studien peikar også på viktigheita av tradisjonell arealbruk i Alpane og kan ha mykje å seie for dagens forvaltning av tilsvarande fjellområde.
– Vi har fått ny innsikt i korleis menneskeleg aktivitet og beitedyr kan spele ei nøkkelrolle i å sikre artsmangfaldet i fjellområde, både i dag og for framtidige generasjonar, seier Greve Alsos.
(©NPK)