Forsiden
16.10.2025 15:57
Her spritar dei opp poteta: 96 prosent potensiale på flaske
Ei bortvald potet kan få toppjobb i tanken. På Gjøvik blir alle knollar som ikkje kan bli mat, gjort om til 96 prosent sprit.
Når du kjem opp av jorda som Beate eller Asterix, finst det ei klar forventing til kva som er livsoppgåva di. Du skal mette, og ikkje minst dryge, oftast ved å skli umerka inn blant andre og finare råvarer. Kanskje ikkje det mest stimulerande oppdraget i livet, så det er lett å førestille seg statusfallet, om du ikkje ein gong blir vurdert som dugande til vomfyll i eit einaste middagsmåltid. Fordi du ikkje er pen nok, ung nok, eller fordi du veg for lite eller mykje.
For somme av desse potetene blir livet difor kort. Dei er knapt tekne opp av jorda før bonden gravlegg dei under torva att for å rotne.
For dei heldigaste av desse potetene ber det derimot strake vegen til Hoff SA på Gjøvik. Der ventar det eit liv i dus og skikkeleg sus.
Dei siste åra er det nemleg produsert to millionar liter potetsprit akkurat her. Berre til ein liter 96 prosent etanol trengst det ti kilo poteter, fortel Hanne Hogness, som er kundeansvarleg ved Hoff SA: – Me leverer potetsprit til alle som lagar akevitt i Noreg, og er blant dei få i verda som faktisk lagar sprit på poteter. Dei fleste lagar jo sprit på korn og mais.
130 millionar kilo poteter, kjem det inn gjennom fabrikkportane til Hoff SA på Jæren, Brumunddal, Innerøya og Gjøvik i løpet av eitt år. Det er ein tredel av alle potetene som blir dyrka i Noreg. Innomhus her på Gjøvik rullar såkalla avreinspotet (sjå faktaboks) rett til spritproduksjon, medan god potet går til produksjon av pommes frittes og potetflak som blir brukt i potetmos. Alt avkappet derifrå, og alle restar frå produksjon av dei rundt 60 andre potetprodukta som Hoff lagar rundt om i landet, blir brukt til å lage glykose, potetmjøl – og potetsprit. Det gjer også lassa med reststivelse dei får frå potetgull-produksjonen til Kims og Maarud.
– Me nyttar absolutt alt frå poteta. Det som er att frå spritproduksjonen går tilbake til bonden som gjødsel eller dyremat. Det einaste me ikkje kan nytte oss av, er jord og stein som kjem inn med potetene. Det samlar me opp og køyrer til eit deponi, der det må liggje i mange år for ikkje å spreie potetsjukdomar, forklarar Hogness.
Ho leiar veg inn i kontrollrommet på spritfabrikken, der Roy Bjørklund følgjer produksjonen og styrer heile anlegget via 12 dataskjermar. Dei viser mellom anna stoda i dei åtte tankane i meiskehallen like utanfor, der det ikkje er ein einaste person å sjå. Dette er faktisk eitt av verdas mest automatiserte brenneri. Årsaka til mekaniseringa er både økonomi og sikkerheit. 96 prosent sprit kan eksplodere og krev strenge sikkerheitstiltak både i produksjon og under transport.
Det er difor alt verktøyet her inne er laga av kopar. Bjørklund har i tillegg vernesko og antistatiske klede som ikkje brenn.
– Eg følgjer med på temperaturen og dei ulike nivåa og verdiane i heile anlegget. Om noko er feil, får eg opp ein alarm på skjermen og regulerer prosessen herifrå. Somme gonger må eg også ut i hallen og justere ting manuelt, forklarar han.
Produksjonen på spritfabrikken går natt og dag 11 månader i året. Samla tek det litt over to døgn frå poteta kjem inn til ho er forvandla til rein 96.
Etter at knollen er vaska og kverna og blanda saman med potetrestar frå matproduksjonen, går potetmassen over i tankane som kvar rommar 450.000 liter. I dei blir det tilsett vatn og gjær, og etter to dagar har massen blitt til ein meisk med 7 prosent alkohol. Denne massen blir i sin tur transportert gjennom store røyr under bakken til brenne- og finreinseanlegget, seier Hogness i det døra til meiskehallen slår att bak ho.
På andre sida av fabrikkområdet ruvar eit 31 meter høgt landemerke i haustsola – sjølvaste sprittårnet. Det er ein av fem kolonnar i det såkalla rektifikasjonsanlegget, forklarar Hogness på vegen bortover. I den første kolonnen blir massen omdanna til sprit og drank. Sistnemnte blir skilt ut til dyrefôr. I den neste kolonna blir spriten tynna ut med vatn gjennom det dei kallar hydroseleksjon.
– I denne tredje kolonna blir spriten reinsa og konsentrert til 96 prosent, fortel ho, i det me tek fatt på den bratte vegen til topps inne i eit låst trappehus i metall.
Sjølvsagt er det 96 trappetrinn opp. Det er akkurat mange nok til å passere dei første 18 metrane av tårnet, som er kledd inn i det vesle huset vegg-i-vegg. På vegen oppover rekk ein til dømes å lære at dei i den fjerde og femte kolonnen mellom anna fjernar fuselstoff som metanol (tresprit). Frå den femte blir den ferdige spriten henta ut og køyrt til lagertankar.
Sjølve sprittårnet kan ta rundt 120 tonn poteter i døgnet. Det er meir enn nokon annan produsent i Noreg, men likevel lite i internasjonal samanheng, seier Hogness i det me nærmar oss toppen.
– Dei heilt siste restane av spritproduksjonen er teknisk sprit, som mellom anna blir brukt i kloakkreinseanlegg. Han er det me kallar denaturert med tilsettingsstoff, slik at han er umogleg å drikke utan at ein blir svært sjuk. Det er det veldig strenge reglar på, forsikrar Hogness, i det ho slår opp takdøra på trinn 96.
Ute på taket dukkar dei siste 13 metrane av rektifikasjonstårnet opp, saman med to mindre kolonner og ein gjeng måker som konkurrerer om den storslåtte utsikta over Mjøsa og Gjøvik sentrum. Forklaringa på at eit ruvande industribygg har ei slik kremplassering, er sjølvsagt gammal. Før vart varer ofte transporterte med båt, og ein treng i tillegg mykje vatn i produksjonen, forklarar ho.
Hogness peikar mot det store fabrikkområdet på bakken nedanfor. I ein av bygningane er det eit eige laboratorium der dei testar om den ferdige spriten er heilt rein. I ferdigvarekontrollen blir det også lukta og smaka på varene før Asterix og Beate forlét området i ny og flytande form.
– Ferdigspriten blir levert i 1000-liters konteinarar, men til eit par av dei største kundane sel me lastebiltankar med 40.000 liter 96 om gongen.
Ho humrar:
– Eller, oftare held spriten ein litt høgare prosent når han går ut herifrå, ettersom det kan fordampe litt på vegen. Men ja, det er uansett mykje 96.
Hoff SA er eigd av 544 norske potetbønder og er Noregs eldste samvirke. Samla produserer dei 60–70 ulike potetprodukt som blir selde i daglegvarehandelen, på proffmarknaden og til industrien. På Gjøvik er det hovudkontor, administrasjon og produksjon av pommes frittes, potetflak og potetsprit. Fabrikken på Jæren leverer poteter til Fjordland-rettene, hermetikk-potet og sous vide-potet. I Brummendal lagar dei stivelsesprodukt, glukose, potetmjøl og potetprotein. På Innerøya er det produksjon av flakes, granulat, potetstiving og såkalla FFF; friterte vegetarprodukt som er laga av finare eller grovare potetmasse. Dei fire fabrikkane har samla 153 tilsette. Omsetninga i fjor var 784 millionar kroner.
«Norsk akevitt» er ei beskytta geografisk nemning. For å kunne nytte nemninga må spriten vera laga på minst 95 prosent norsk potet, produsert i Noreg og mogna på eikefat i minst 6 eller 12 månader, avhengig av storleiken på fatet. Det er difor det berre er norsk akevitt som er gyllen på farge. Utanlandsk akevitt er laga av kornsprit og blank. Potet gir meir sprit per areal enn korn. Det er i dag tre potetbrenneri i Noreg: Hoff SA på Gjøvik, Atlungstad Brenneri på Stange og Sve Gardsbrenneri i Vågå. Rundt 40 produsentar lagar akevitt. Hoff Sa leverer potetspriten til dei fleste av dei. Polet har i dag over 400 vareliner med norsk akevitt. Ein del potetsprit blir også nytta til å lage gin, vodka og «hard selters»; boksar med sprit og smak.
Hoff tek i mot rundt 40.000 tonn «ubrukeleg» poteter frå andre aktørar gjennom den såkalla avreinsordninga. Ordninga, som er nasjonal og skal hindre matsvinn, omfattar all potet som ikkje kan brukast som korkje matpotet eller til andre potetprodukt – men som altså likevel kan nyttast i sprit. Ifølge jordbruksavtalen 2024–2025 er avreinsprisen 50 øre per kilo potet til bonden. Utgifter til frakt blir trekt frå dette.
(©NPK)